Jonsok kvelden

Endeleg kom sommaren, og den kunne ikkje funne ein betre kveld å komme på.

Mange personar hadde funne vegen til Stang`s fjæra då bålet skulle tennast.
Så fjæra var full i folk som hadde samla seg for å ha ei hyggeleg stund ilag, og alle hadde med diverse grillmat og drikke til små og store.

Folk fann seg godt tilrette, nokre sat på steinar andre hadde med stolar og dei meir kreative hadde med seg ein sofa, så kvelden kunne vare lenge.

Ungane leika seg og dei vaksne let drøsen gå. Nye og gamle historier dukka opp og slik skal det være når gode frendar møtes.

Totalt var det 94 personar som fann vegen til Stang`s fjæra i løpet av kvelden, og det var internasjonalt preg på forsamlingen ettersom det var folk fra Holland,Frankrike,Tyskland,United Kingdom og Norge samla ved bålet.

Bålet i år må ha vore det største som har vore på lenge. Det var samanraska av gamle plankar og greiner og det var lett å få auge på for dei som ikkje tok turen inn i fjæra, for røyken steig til fjells og for innover mot Osland.

Det einaste som mangla for å gjere stemninga og kvelden perfekt ville vore nokre båtar på fjorden.

Opphavet til jonsokfeiringa finn doke her

Bilder er lagt ut i nytt album, Jonsok 2009

Kommentarar


Storarta!! Kjempefin tekst og gode bilde, Arild.

Eg har lagt ein god del jonsokbilder inn i albumet som Arild har oppretta; “Jonsok 2009”.