Stongfjorden. Fotosamling av Paul Stang.

4545523352 fcef8d2f5c1

Dette er ei flott samling foto frå gamle dagar.
Foto frå Fylkesarkivet

Stongfjorden – as seen by Paul Stang

Paul Stang (1888-1923) was a self-taught photographer who, camera in hand, documented the establishment of aluminium production in the small village of Stongfjorden, Norway. Paul was fond of nature and disliked the development of industry in Stongfjorden. Even so he, like many others in Stongfjorden, found work at the aluminium factory – A/S Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker. However, Paul retained an active interest in the farm work carried out on his father’s farm Stang – an interest which is documented in this collection. Paul also photographed the people of Stongfjorden and all sorts of leisure activities. The images in this collection are all from the period 1906-1923.

We hope you enjoy the collection, and please do add information and comments.

Vist 1677 gonger. Følgt av 11 personar.

Kommentarar

Det er veldig spennande at Fylkesarkivet no legg bileta sine ut på Flickr. At svært mange av personane som er fotograferte av Paul Stang i Stongfjorden på byrjinga av 1900-talet no også er namngitte, er fantastisk flott.

Ja dette er knallbra! Stor historisk verdi. Stor synd at Paul Stang døde så ung. Brevet hans frå Amerika, referert i Stangfjordalbumet, burde alle lese. Som ein naturens mann hadde han mange gode vernetankar i blodet…!

Eg vart litt i stuss kvar i frå hovudbildet er teke…. Eg kjenner i farten verken att Stongfjorden eller Eidsfjorden i bakgrunnen… Tips?

Her er faktisk eit bilde frå Krokvasstølen/Svortevikstølen ved nordenden av Krokavatnet (der DNT-stien til Nipebu går i dag). Kringla i bakgrunnen…

A group of people having a picnic at a mountain farm in the Stongfjorden area

Photographer: Paul Stang.

Gustav. Det hadde vore kjekt om du kunne ta foto av nokre av dei same motiva i dag. Så kunne du legge dei inn parvis. Samanlikning i dag og for 100 år sidan. ??

Ja, det hadde vore interessant. Men når eg ser stranda i Stongfjorden før og no (og slik ho blir) – veit eg ikkje… Det er jo slikt som kan utvikle eit hjarteinfarkt…! Eg skal sjå..

Sunday walk at Teigane. The village of Stongfjorden in the background

Photographer: Paul Stang.

Her er veldig mykje interessante bilder. Eg studerte litt på dette. Men det må vere i Myraplassen som dei kalla det ved Oslandsvatnet. Eg kjenner igjen Yndestadfjellet utover.

View of a small holding in Askvoll

Photographer: Paul Stang

Men det er vel tvilsomt om denne innreiinga var der oppe…

Living room interior ca 1910-1920

Photographer: Paul Stang.

Dersom det er dette bildet du meinar Gustav, hovedbildet, så er eg ganske sikker på at vi ser sørover Eidsfjorden. Namnet Folkefjellet har eg ikkje høyrt, men ut frå retninga ser det ut til at bildet er teke frå Merkesheia eller frå Vardeheia

Tok dette bilde frå Fjell garden så det ser ut som det kan vere tatt i det område.

Ja, dette stemmer Steinar og Kjell. Eg hadde ikkje bilde her i frå…

Men kvar bildet nedanfor er teke frå spekulerer eg òg på… Det kan vel ikkje vere anna enn frå lufta? Men i 1919 og så klårt? Hvis de ser på originalen i største storleik er det veldig bra kvalitet på det… Fantastisk flott å sjå det gamle elvedeltaet og stranda i fjordbotnen. Diverre er det få stadar dette er nokolunde intakt…

Her er eitt flott til av fjordbotnen. Spørsmålet er om ikkje nokre av desse bilda kunne vore lasta ned i største format og lagt i eit eige album? Arild?

Det er flott att alle bilda vert tilgjengeleg no, tidlegare har det vore eit styr å få tak i desse bilda.
Når det gjeld ei samling i eige album på Stongfjordsida så kan nok dette la seg gjere, om det vert regn framover:)

Asbjørn: Det må vel ligge ditt hjarte nær å sjå desse hundre år gamle dansebilda. Voksne folk med dress og hatt dansar “Slå på ringen” ute på bakkane. Eg hugsar at eg las ein gong at i Fossedalen dansa dei etter fele- og trekkspelmusikk på bakkane. Og at det kom folk frå Førdefjordsida til desse hendingane. Men det var gjerne vanleg på dei tider. Dei hadde jo ikkje ungdomshus til å danse i heller den gongen, så då var vel bakken den naturlege plassen for slikt. Kanskje her er nokon som kan utdjupe dette nærare? Og kanskje er det framleis folk som har vore med på slikt…? Som liten hugsar eg at folk dansa på Dalsåsen Jonsokafta på bøen ved bålet (det var eit styr å ikkje bli losa heim igjen før dette skulle skje…:-) Men om det var Ramstaden og Jan`en på Hogje som spelte veit eg ikkje…:-)

A group of people playing the game “slå på ring”

Photographer: Paul Stang.

Ja, disse gamle bileta tekne av Paul Stang fortel mykje om stongfjordingane både i fritid og arbeid. Kjekt at du tek arbeidet med å leggje dei ut. Kort tid før Alvdis Stang døydde, fortalde ho meg at dei to kvinnene som går søndagstur på Teigane er farmor, Oline Helene Øysteinsdotter Stang (1880-1965) og syster hennar, Anna Ø. Størdal. Anna var kokke hos ein “finare” familie i Bergen og difor hadde ho på seg bykle, mens besta var gardkone i Skogen. Den gongen bar konene skaut! Etter at Alvdis fortalde om kvinnene på framsida av Stangfjord-Albumet, såg eg at ho også denne gongen hadde rett.

“Folkefjellje” kan eg godt hugse var brukt om Fjellagarden.

Interiørbilete trur eg må vera frå Nordbakken der Aksel og Inga Furseth budde. Eg meiar å kjenne att stolane, spegelen og det vesle bordet med flagg på. Alt dette står no hjå meg i Øvre Årdal. Møblane er omtrekte og med ny stopping (fjører). Oljelampa heng og hjå meg, men den treng for høgt tak til at den er montert.

Når du skriv dette Bjørn, hugsar eg møblane og plysjduken på bordet, eller kanskje duken var av fløyel. I ei blomsterpotte i stova hadde Inga Furseth ei stor mimose med gule blomster, om eg hugsar rett. Biletet oppe til venstre er kanskje av oldefar, Nils Larsen (Sunde) Stang som var far til Inga, eller kan det vere far til Aksel? Eg tykkjer det er noko kjent med det biletet.

Ja Aud, det var nok ein plysjduk. Vi hadde den og bordet og her i Årdal. Bordet, som var rundt, var det ikkje botavon i så det er no vekke, likeeins med duken. Eg har nokon gamle bilete liggande, får sjå om eg finn ut kven bilete er av.

Eg hadde eit bilde til eg Gustav og dar ser ein ned på vollen ved husa. Før var nok granskogen borte.

Flott bilde Steinar. Nydeleg utsikt… Akkurat her er det ikkje så ofte eg er. Meir utanfor og innanfor i lendet..

Takk for høg tommel Sveinung, Asbjørn, Aud Elsa og Gustav. Var på Fjellagarden 17 mai 2007, kokte oss rømmegraut og hadde med alt tilbehør. 3 svoltne og tørste karar. Tok samtidig desse bilda av Fjellgarden.

Fantastisk flott Steinar, dette må ha vore ei spesiell oppleving.

Takk til deg Gustav som likte bilde frå Fjellagarden. Og du ser Arild at nasjonalfølelsen er til på topp den. Vi var der i 5 timar den dagen.

Flotte bilder her, både dei gamle og dei fra nyare tid ! :-)

Takk til deg Liv for god kommentar.

Annonse

Nye bilder