| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 27. juli 2010). Les mer om roperten… Spørsmål til geologen "vår"Stein er interessant. Eg synest det blir meir og meir kjekt å vite litt om stein. Sjølvsagt for at eg går mykje på stein i fjellet. Og landet er jo stort sett stein… No kan ein ikkje ta alle slike spørsmål her. Og vi har jo Sunnfjord Geosenter og geologen vår Einar A. i bygda som arrangerer steinsamlingar. Men eit lite agn. Vi har tidlegare snakka litt om faldane ved Eitrenipa. Interessant. Og no berre eit kort spørsmål om vedlagde bilde frå Blegja (Einar kan sikkert halde eit heilt føredrag om det…) Men eg har ofte stussa på kva som er årsaka til den lange skåra som går frå midten av bildet heilt nede og mot midten i venstre kant. Den er fleire hundre meter lang. Det er vel ikkje vatn som har laga denne? Bildet er ikkje heilt topp lysmessig og var teke på lørdag 24/7, heile serien her. For ordens skuld ser vi Storehesten og Litlehesten i Gaular i bakgrunnen.
Hvis det er synspunkt på dette så skriv i veg… | ||
Kommentarar
Er det strukturen som ligg rett over breen du meiner, Gustav?? Hvis so er, so er dette eit lag av fin sand-silt, og som er med på å definere det vi kaller lagninga i desse sandsteinskompleksa. Sandsteinskompleksa…. D.v.s. dei sokalla Devon Bassenga på vestlandet; konglomerata i Solund og Værlandet/Bulandet, sandsteiner og konglomerater i Kvamshesten/Bleja områda (frå Botnastølen og Porten i vest til Litjehesten i aust), Håsteinen i Eikefjorden og Hornelen-bassenget (som strekjer seg frå Ålfoten i aust til Hovden i vest). Du har rett Gustav – dette set meg i gong. Er det interesse for det held eg gjerne eit seminar om geologien i Sunnfjord. Lag ei påmelding, Gustav og eg skal finne tid og stad for dette.
Vi kan kanskje begynne med Brurastakken på lørdag og søndag. Då skal eg ha geologitur – “Brurastakken rundt”, i forbindelse med krabbefestivalen på Herland. Dette vert lørdag kl 1130 og søndag kl 1400. Bli med, og alle vil få ei kort innføring i Brurastakkens Geologi, og skjulte løyndommar…..
Gløymte å gi possitiv kommentar til deg, Gustav. Fantastisk flott !!! Du er ei god Geolog-spire…. Det er aldri for seint !!
Dette var veldig spennande.. Høver det blir eg med på seminaret, og Brurastakken.
Mitt ungdommelige (over)mot tillet meg å kaste meg inn i ein lenge etterlengta samtale.
Sjølve skåra som eg trur Gustav refererer til skuldast vel først og fremst ei svakare sone i fjellet, som har vore/er mindre motstandsdyktig mot erosjon enn resten.
Styrken til sedimentære bergartar vert i første omgang bestemt av miljøet under avsetjinga (i tillegg til ei rekke seinare faktorar), og sanden og grusen som utgjer Blegja sine byggesteinar, vart så vidt eg veit avsett i ulike elvemiljø, under devon-perioden for 300-400 mill år sidan.
Så dette kan kanskje vere akkurat i laggrensa mellom to energidefinerte avsetjingsmiljø, kanskje til og med eit opphald i avsetjinga, ein hiatus, på nokre år, slik at samansetjinga og dermed også styrken i fjellet endrast.
Det faktum at skåra har same orientering som sand/konglomerat-lagdelinga skulle, så vidt mitt enkle sinn forstår, vere eit uomtvisteleg prov på dette.
Nemnde erosjon er av langt yngre dato og blir bl.a. dreve av våre vener vatn, vind og frost.
Eller kva seier du, Einar?
Takk for flotte svar Even og Einar.
Ser at overskrifta skulle vore endra til geologane! Det ser ikkje verre ut enn at Even tek studiet sitt serøst. Og når Einar kallar meg for ei “Geolog-spire” er nok det nærast for eit frø å rekne i denne samanheng. Ein del av dette går nemleg over min forstand.
Brurastakken til helga høyrest veldig interessant ut. Kanskje det kan late seg gjere? Og ei steimsamling må vi få til. Det er supert å ha slike ressurspersonar i bygda!
Flott at du kjem på bana, Even…..
Først må vi få avklart med Gutaven om det er dette laget han meiner i utgangspunktet. Det kan og vere ei (ca) N-S orientert forkastning som kan (så vidt) observerast nær Heilevangstaurane, og som fortset sørover mot Bygstad.
Laget som eg refererer til, er nok mest sansynleg eit finkorna lag, avsatt i ein roleg periode. Om dette er fordi området ligg utanfor elvesystemet, på ei elveslette, eller om dette skyldast ein lokal transgresjon i paleo-innsjøen er vanskeleg å sei utan nærmare undersøkingar. Men, med bakgrunn i det vi veit om Devonbassenga og den tektoniske aktiviteten i området gjennom undre Devon, så er det nærliggande å tru at det har vært ei lokal innsynkning av bassenget.
Når det gjeld avsetningsmiljøet for Devonbassenga på Vestlandet (saman med Røragen i Trøndelag, og nokre områder på Grønnland) so er desse avsatt i undre Devon (405-380 mill år). Bassenga blei utvikla langs store normalforkastningar (listriske) som eit resultat av den Kaledonske fjellkjede kollapsen. (Huff, her blei det mange tunge faguttrykk.. Even; du heng med….). Avsetningene blei styrt av dette, noko som medførte store og svært raske og lokale faciesendringer over korte tidsrom.
Korleis kan vi enkelt observere dette? Frå nordsida av Førdefjorden får vi eit godt overblikk og vertikalt snitt gjennom lagpakken frå Litjehesten i aust til Tjuvbergsnåva (?)/Gjelsvikstølane i vest. Lengst aust ser vi tydelig sandstein/konglomerat laga (Laga ligg “stabla” på kvarandre). I området frå Heilevangstaurane og vestover forsvinn lagninga, og meir massive konglomeratparti kjem til syne (Vi ser kun ein vegg av sturkturlause bergartar). Over dette partiet, toppen av Bleja og toppane Heilevangstaurane, står lagninga vertikalt. Alt dette er eit reasultat av store ras (dei massive områda), og innsynkning av bassenget (vertikal lagning). Områda lengst aust ligg lengre vekke frå dei store forkastningane som styrer sedimentasjonen og foldinga, og er dermed lite påverka av dette. I dei sitnevnde områda befinn vi oss lengre ute på elveslettene, og nære innsjøen/innsjøane. Som du ser Even, så illustrer dette kor store facies-endringar du kan finne innad i Kvamshesten Devonbasseng. Dei andre bassenga (Solund, Håsteinen og Hornelen) opptrer ikkje med like store variasjoner mhp forskjellige avsetningsmiljø som det vi kan observere i Kvamshesten-bassenget.
Eit anna særprega trekk ved Devonbassenga våre er hardheita i bergarten. Dette skyldast det høge innholdet av Kvarts og den lave metamorfosegraden bassenga har vore utsatt for. Bergartane var ikkje djupre enn ca. 6km noko som betyr at dei vart kraftig kvartssementerte, men gjekk i liten grad over til andre mineraler. I finkorna lag kan ein finne Epidot som tyder på at bergartane nådde undre grønnskifer-faccies i metamorfosegrad. I tillegg er hoveddelen av kildeområda for sedimenta svært kvartsrike (Vestnorske Gneisområdet).
Even: tenk gjennom kvifor vi ikkje finn spor av Eklogitt avsatt i bassenga. Dette på tross av at vi har nokre av dei største Eklogittforekomstane i verda, knytta opp mot Devonbassenga våre…..
Nevnde erosjon er som du nevner, av langt yngre alder. Erosjonen er styrt av våre kjære vener (som du og nevner), i tillegg til svakhetssoner……
For mange vart dette kanskje litt tung fagterminologi – noko eg beklager. Men, for å unngå å måtte skrive 20 sider (til Even og andre geologer) valgte eg å gjere det på denne måten. Håpar at alle lesarane klarte å henge litt med i svingane. Lovar at eg ikkje skal bruke for mykje fagspråk vidare.
Gutav… Det er jo frø alt gror av. Hadde vore kjekt om tar turen i Brurastakken til helga.
Det er “stripa” i fjellet over Blåfonna som treff snøklatten t.v. midt i bildet eg meiner. Det andre de skriv om treng eg ei stund til å fordøye…:-) På den anna side er det veldig interessant. Det set ting i perspektiv, og fortel vel litt om vår eiga korte og skjøre tid her på jord…
Då er det same “stripa” vi skriv om – eit finkorna sand-/siltlag mellom to tykke lag av konglomerat eller grov sand / grus.
Det er bra Einar. Korleis vi skal kome oss ned og få undersøkt dette nærare er eit anna spørsmål. Du får bra sug i magen akkurat her frå før av…:-)
Som Geolog over nokre år så lærer du deg til å igjenkjenne ting på avstand. Eit lag av siltstein er nokså likt uansett kor i verda vi ser det (ei sannheit med modifikasjonar…). Ein annan ting er at vi kan fylgje laget over nokså store avstandar. Så dette aktuelle laget dukkar nok opp ein stad på toppen, vil eg tru.
Takk for eit interessant innlegg, Einar. Det er noko litt anna å lære om lokale geologiske fenomen frå Sunnfjord, i slikt godt selskap, enn å slite med gamle, amerikanske pensumbøker, om strukturar og avsetjingar på plassar ein i beste fall har høyrd om frå før.
Fråveret av eklogitt i bassenga må vel skuldast det grunne begravingsdjupet. Men eklogitten elles i regionen vart vel danna under sjølve orogenesen i forkant, og er vel ikkje forventa å finne i devonbassenga uansett?
Eg skulle gjerne ha vore med til Brurastakken, men har diverre ikkje høve, så det får bli til seinare. I likskap med Blegja-ekskursjon med Gustav:)
Eg får meir og meir lyst på den stakken til brura der ute Einar. Iallefall når du guidar… (men hugs at eg er eit frø!).. Og toppane på Atløyna har eg ikkje vore på før (skulle hatt meg eit race)… Lørdag ser visst best ut vèrmessig. Men eg kan ikkje love det endå.
Ein annan ting når vi er i gong. Eg er stadig vekk imponert over kor VANVITTIG med stein og urar det er når du kjem opp i ca 1000 moh eller noko slikt på Blegja (1304) og Litlenipa (1106). Du ser det òg tildels på toppane av Moldura (837) og Eitrenipa (856). Dette er vel oppe i ei såkalla alpin sone som er likeeins mange stader. Truleg vatn, frost, varme som utløyser dette ilag med mangel på vegetasjon? Kan du/de seie noko om dette?
Det er ei utfordring å gå i stein og urar. Både anklar og skinnlegger er temmeleg utsette. Spesielt når du går i shorts og joggesko. At det kjennest ut som at steinen er “meir levande” om våren enn om hausten, er vel kanskje ei stadfesting på at det eg har nemnt ovanfor stemmer? Spesielt der steinen er “middels stor”, mot toppen av Blegja, synest eg dette er merkbart.
Ein annan ting er at steinen på toppen av Blegja er veldig flat. Her ligg mykje heller. Noko geologisk forklaring på det?
Frå vest og aust: Stein og atter stein mot toppen av Blegja og Heilevangstaurane
Her var det mange gode spørsmål på ein gong. Kanskje det er best å ta dette i Brurastakken på lørdag, hvis du får anledning. Dette er gode spørsmål som like gjerne passar å stille i ei større gruppe….
Det er mange variablar som styrer ei ur, klimatiske og geologiske. Men Gustav, eg må få utsette svaret på dette til litt seinare. (Eg har nokre mål med plen som må trimmast …….)
Du har mange gode spørsmål og vinklingar på problemstillingar, Gustav. Set pris på ditt engangement når det gjeld Geologi (i tillegg til mange andre ting). Stå på Gutav!!
Geologi er eit interresant fag når ein tek seg tid til å setje seg inn i det. Då ser ein at stein ikkje berre er stein, og fjella våre er ulike. Einar og Even har ein stor jobb med å forklare oss alt det fantastiske stein og fjell kan fortelje oss “wannabe” geologar. Stå på folkens.
Takk for den, Tore !!
Møtast vi på Brurastakken lør/søn? Det er ein god start for alle som har “dragning” mot Geologi.
Eg er med på dugnaden, men om det let seg gjere vert eg med i Brurastakken.