Vinmonopol i Askvoll

Ser at Askvoll får vinmonopol i løpet av neste år. Sjølv om dette berre er eit lite skot på næringsstammen, er det likevel viktig og bra for kommunen. For det kjem nok ein dag då ein skal avgjere kvar det nye kommunesenteret i HAFS skal ligge, og då er det bra å ha eit stort mangfald av næringar og tenestetilbodet å vise til.

Vist 433 gonger. Følgt av 7 personar.

Kommentarar

Jan Atle Stang har rett:
Det er nok business i dette og. Lovleg vare skal dette vistnok også vere.
Utviklinga vil nok gå sin gang med dette og.
Askvollingane må fylgje med i tida. Vi er etter kvart blitt verdensvande vi og, mange av oss.(Jan AtleStang har truleg vore verdensvand lenge han.)

Kan polet bidra til kommunesamanslåing? Kanskje administrasjon og utsal samlokalisert? Det blir vel ein krig uansett…ja, om ein er edru eller ei…!

Sjølv om eg støttar Jan Atle sin tanke om at der det er flest offentlege funksjonar skal det framtidige kommunesenteret ligge så har eg tru på at det vert ein krig som Gustav skriv, og mitt personlege tips er at det er Dale som vert kommunesenter i HAFS.

Etter å ha budd i Fjaler og Askvoll kommunar i ei årrekkje, og med den historia vi har bak oss, skal det vel ikkje så mykje fantasi til å tenkje seg korleis debatten om kommunesamanslåing vil arte seg…. Kanskje på tide for nokon og ein kvar å komme seg opp på ein fjelltopp, sjå ut over fjordar, grender og landskap og få seg eit inntrykk over kor absurde desse kommunegrensene er…! Men det er vel gjerne likt seg at debatten skal dreie seg om kvar kommuneadministrasjonen skal ha kontorstolane sine. For meg spelar det null, niks rolle – eg har ikkje vore inn på eit kommunehus sidan eg overleverte ordføraren i Askvoll underskriftene mot kraftutbygging i Fossedalen – det må no vere 10 år sidan, minst!

Ja, kanskje skal ein heve blikket og forhalde seg edrueleg til heile kommunesamanslåinga…?!

Då var vi i gang. Lukke til – med polet i alle fall.
(PS: Eg trur sjølvsagt ikkje at polet vil bidra TIL komm.samanslåing, men kanskje STYRKE Askvoll sitt sentrumskandidatur i den krigen de snakkar om, saman med t.d. båten til Bergen, hotell etc. Men det er også slik at dersom ein meiner at krigen er tapt før den har starta, ja, så er det ikkje vits i krig heller…Apatien er jo krigarens største fiende..).

No var vel dette ein tråd om polet, ja, lukke til med det…;-)

Når det gjeld kommunesamanslåing får vi vel rikeleg høve til å komme tilbake til det. Men du som talar mykje spansk om dagen Jan Atle kjenner vel uttrykket om å ta tyren ved horna…:-)

(Eg har som før meint at nordsida i Askvoll soknar mentalitetsmessig til Førde, og sørsida til HAF. Så får sistnemnde kome etter når dei er klare for det… Diverre blir Stongfjorden ein utkant uansett hvis vi ikkje snarast får på plass ein betre forbindelse sør/nord. Desse kunstige grensene er etter mitt syn berre tull. Som så ofte før er slike laga ut frå egoistiske og økonomiske motiv. Det er berre å viske slikt ut frå kartet…. Kva ein skal gjere med dei offentleg tilsette er ein annan skål…)

Presisering: Når eg nemnde omgrepet ta tyren ved horna så meinte eg ikkje deg J.A. men debatten om samanslång…;-)

Er det så og forstå at plassering av polet kan få med kommunesamanslåing å gjere?
Interessant tanke. Vi har ikkje gode nok vegar verken utover eller innover.
Vi må bli ei kantor, som i Sveits, (HAFS), eller eit eige administrasjonsområde som i Frankrike,(HAFS). Dette vil gje mange byråkratiske arbeidsplassar, og dermed skulle vi få sjanse til polet også. Vi har jo eit losjehus her i bygda som kanskje kunne nyttast til utsal? Ja, “dreg du den, så dreg du den og”, – no for tida!
Poenget mitt er at kommunereguleringa er eit mykje viktigare tema enn vinmonopolet. Det verkar som det er ein tabu tanke eller samtaleemne. Eg las ein god artikkel i Firda av Reidar Fristad for ei tid sidan som gjekk ut på det å tenkje og snakke om denne saka. Vi treng ikkje leggje stor vekt på dei moglege strukturane han trekte opp. Det viktige eg oppfatta var å få ballen på bana.
Eller finn vi det lettvintast at det kjem som jula på kjerringa? Kanskje kunne det vere ein tråd på sona vår om kommunesamanslåing?

Eg ser at dette ordet HAFS går igjen i mange samanhengar. HAFS er ingen organisk organisasjon, men ein konstruert reidskap, eller eit forprosjekt til Storfjaler med Dale som kommunesenter. Dette veit alle. No kjem brua òg, og då er Dalingane nesten i mål. Det er berre èin hake ved den: Med Dalsfjordbrua, har ein styrkt argumenta for Førdefjordsbrua. Då vender Askvollingane blikket nordover. (Dvs, sørover når dei skal til Bergen og suser gjennom Dale i ca 50 km i timen). Dalingane hadde nok likt at kyststamvegen stoppa i Askvoll. Med vinmonopol, kystturisme, bybåt, kyststamveg nordover og eit eksplosivt næringsliv i Stongfjorden, skulle det ikkje forundre meg om Askvoll trekker det lengste strået likevel. Då må imidl politikarane og administrasjonen bli meir positive til alt spennande som skjer rundt i bygdene og grendene i kommunen. Der gror det mykje, og det kan bli presiøse ressursar når det dreg seg til. Dei må t.d. ikkje stelle seg slik som no, at mange Stongfjordingar vil slå følge med Førdefjorden nord- eller østover.

Det er eit kunststykkje å bere sprikande staur…;-)

Ja, og kunsten skal ein ha respekt for, veit du Gustav…

Einig i det. Respekt ja. Trafokiosken er likevel eit slikt kunststykkje eg slit litt med. Eg har sett flotte kunststykkje av slike gamle bygningar, samtidig er det veldig trasig å sjå korleis vår kiosk ser ut. Men no blir det (igjen) jobba med dette, og eg stiller gjerne på dugnad, sjølv om eg ikkje er nokon bygningsmann.

Kommunedebatten ja… Eg meiner at uansett må vi inn i større einingar. Det kan ein vel sjå behovet for på mange område. Ser at ordførararane i HAFS diskuterer dette. Glidande overgangar med folk som jobbar på tvers av eksisterande kommunegrenser er ein veg å gå. Då blir det lettare å få til eit fornuftig skifte for dei tilsette. Oppseiingar er ikkje vegen å gå. Det ender nok med rabalder. Uansett blir det vel ei folkeavstemming om dette.

(No hadde vel denne kommentaren lite med polet i Askvoll å gjere då, men men…:-))

Apropos Polet; sel dei ennå Kalinka og Koskenkorva på Polet? I så fall lovar det godt for sitronbrussalet på nærbutikken..Endå ein synergieffekt…:-)

Eg veit ikkje J.A. Kanskje vi får russiske tilstandar..:-)

Annonse

Nye bilder