Tilskot til Fartøyvern (Kap. 1429, post 74)Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand fartøy der det er inngått avtale med private eigarar om vern. Midlane på posten omfattar tilskotsmidlar til konkret istandsetjings- og vedlikehaldsarbeid på fartøy. Målgruppe for ordninga er private eigarar og forvaltarar av slike kulturminne som er nemnde ovafor.

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for fartøy.

Tiltak som kan få tilskot
Tilskot vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: Fartøy som er freda ved vedtak etter kulturminnelova vil få ein særskilt prioritering i dei kommande åra. Vidare vil lokalhistorisk forankring, stort lokalt engasjement og ein forutsigeleg økonomi vere viktige kriterium for tilskot.

Andre viktige kriterium er særlege opplevings- og formidlingsverdiar, tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og tiltak på fartøy det finst få av. Tilskot kan òg gjevast som støtte til driftsutgifter knytte til det løpande vedlikehaldet, t.d. til innkjøp av nødvendig forbruksmateriell, nødvendig periodisk ettersyn/service av maskineri og teknisk utstyr, fysisk sikring/ivaretaking av fartøyet, mellom anna strømoppkopling ved kai. Tilskot til drift kan gjevast etter søknad og blir tildelt etter behovsprøving ut frå faktiske behov for vedlikehald. Det blir ikkje gitt faste, årlige driftstilskott.

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innafor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i lys av den einskilde søknaden, og av behovet og venta miljøfaglege resultat som er synleggjort i denne. Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist
Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2012.

Krav til innhald i søknaden
Sjå under generell omtale ovafor.

Vist 16 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder