Kulturminne/helleristningsfelt på Staveneset.

Veit nokon om det er ein plan for å vedlikehalde dette feltet?

Ser det har vore nemnt i september 2011 :
http://stongfjorden.origo.no/-/bulletin/show/691213_kulturminne

Vist 114 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Ja, det skal det vere. Avsviinga av lyng og einer som var gjort i fjor (og som vart litt heftigare enn planlagt) er eit av tiltaka for å ta vare på feltet. Berit Gjerland på kulturavdelinga i fylkeskommunen er kontaktperson og kan fortelje meir om forvaltning av dette verdifulle feltet

Takk for godt svar, Gunhild!

Har sendt e-post til Berit Gjerland for statusoppdatering.

Her er eit utdrag frå svaret eg fekk:

“Fylkeskommunen kjem til å setje opp informasjonsskilt ved vegen og ha enkle folderar med informasjon som folk kan ta med seg når dei går publikumsstien. Dette kjem på plass i vår/sommar.

Elles er det svært viktig å unngå at heile området gror til, og attskoginga er eit generelt problem også der. Derfor ser ein i utgangspunktet svært positivt på beiting i området.
"

Annonse

Nye bilder