Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 8. februar). Les mer om roperten…

Vil du vere med på å skipe kystlag som kan ta vare på MS Stangfjord?

Hei!

“*Likar du kyst-, sjø- og båtliv? Er du glad i båtar, naust og sjøhus? Set du pris på ramsalt humor, kystmat og kysttradisjonar? Bur du på kysten?*

Vi er nokre som i lengre tid har hatt tankar om å starte kystlag (sjå www.kysten.no). Vi ser at her er mange gode, hyggjelege og sosiale prosjekt å ta fatt i, og at regionen (Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular) har mykje kystkultur som treng omsorg og stell. Og vi ynskjer å samle interesserte rundt gode og spennande fellestiltak.

Eitt av prosjekta som er aktuelle, er passasjerbåten MS Stangfjord. Den er under restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter no og kjem vonleg heim i 2013 eller 14. For å ta vare på og drive den treng vi eit kystlag!

Eller kanskje skulle kystlaget engasjere seg i å ta vare på Geita fyr? Det freda fyret i Buefjorden treng omsorg og stell, men er også ein fantastisk stad å vere – ikkje minst saman med gode vener!

Bakkejekta og jektenaustet i Holmedal har samla mange gjennom mange år til hyggjeleg dugnad og festleg lag. Vi trur at dette miljøet vil gli inn i eit kystlag som kan vere paraply for kystkulturaktivitetar i Ytre Sogn og Sunnfjord.

Dette var nokre få døme på aktuelle prosjekt. Det finst mange fleire.

Vil du vere med?

Vi tek sikte på å ha skipingsmøte i byrjinga av mars og kjem tilbake med tid og stad.

Eg blir veldig glad om du gjev meg ei tilbakemelding på dette!

Beste helsing

Ove Losnegård
6963 Dale i Sunnfjord
post@ovelos.no 97 07 91 39

Vist 1289 gonger. Følgt av 9 personar.

Kommentarar

Viser kun siste 30 kommentarar — vis alle 78 kommentarar

Til Arild: Poenget med Autolinebåten var å vise kva som gjere eit fartøy verneverdig (var sjølv sterkt involvert i prosessen bak Haugefisk), det er ikkje slik at det nødvendigvis må ha ein viss alder eller ei viss fartstid. Det er heller ikkje slik at den må “vere først til noko” Det er ulike grunnar for å verne ulike kulturminne. Felles for dei alle er at dei dokumenterer ei historie.

Mitt poeng i forrige innlegg er at ein må vere open i sinnet for kva som er den beste løysinga for båten. Klarer bygda å vere den beste heimehamna og syter for ei tilfredstillande drift og forvaltning av båten, så er jo det optimalt. Viss ikkje så må ein sjå på andre alternativ, at den ligg i periodar her og andre plassar, til og med i Hafs om det skal til:-). Konteksten er viktig, men det kan jo vere miljø som ser verdien av båten uansett. Når det gjeld organisasjonsform er eg litt skeptisk til DA, trur det kan bli ltt tungt adminstrativt. Fellesskapsnteressene må uansett hegnast om ein slik modell, dvs at lagnaden til båten ikkje blir definert åleine av de som til ei kvar tid er partseigarar. Uansett bra å kaste opp mange ballar og ikkje konkludere for tidleg.

Einig med Gunhild, og Ove var innom eit vesentleg poeng lenger oppe ein stad. Økonomi til drift og vedlikehald. Skal ein få inntekter på å drifte båten går eg ut frå at ein må frakte passasjerar/turistar!? Har Stongfjorden nok lokkemiddel til det? Eg tvilar. Iallefall til å få inntekter i noko mòn. Etter mitt syn treng båten difor eit større nedslagsfelt enn berre fjorden her. Ein kan sjølvsagt leve ei stund på luft og kjærleik, men det blir sjeldan mynt i kassa av det… Uansett må første pri vere å få ferdigstilt båten.

Du er inne på noko vesentleg her Gustav.

Finansiering:
Finansiering per 01.12.10:
Fond per 01.08.08 kr 716 285,-
Askvoll kommune – støtte 2008 (mva) kr 61 035,-
Askvoll kommune – støtte 2009 (mva) kr 105 000,-
Askvoll kommune – løyving fond kr 50 000,-
Løyving S&F Fylkeskom 2008 kr 250 000,-
Løyving RA 2009 kr 600 000,-
Løyving S&F Fylkeskom. 2009 kr 100 000,-
Løyving S&F Fylkeskom. 2010 kr 100 000,-
Løyving RA – førehandstilsegn 2011 kr 500 000,-
Askvoll kommune – løyving 2010 kr 40 000,-
Askvoll kommune – støtte 2010 (mva) kr 161 043,-
SUM kr 2 683 363,-

Framlegg finansiering 2011
Askvoll kommune mva kr 622 000,-
Riksantikvaren kr 2 100 000,-
Sogn og Fjordane Fylkeskommune kr 300 000,-
Andre tilskotsordningar kr 120 000,-
SUM kr 3 142 000,-

Båten fekk i 2011 1 mill. i løyvingar så det er eit etterslep på over 2 mill. som må dekkast inn og so er det opp til riksantikvaren og “Stangfjords venner” kva som skal skje framover når det gjeld finansieringa for å få båten ferdig.

Framlegg finansiering 2012
Askvoll kommune mva kr 620 000,-
Riksantikvaren kr 2 000 000,-
Sogn og Fjordane Fylkeskommune kr 300 000,-
Andre tilskotsordningar kr 150 000,-
SUM kr 3 070 000,

Der baten har heimehamn, der bygger det seg opp ein organisasjon og ein praksis rundt den. For alle andre stader blir det då litt meir tungvint og mindre naturleg å bruke båten. Derfor må båten ha heimehamn der den høyrer heime.
Ei kvar bygd på som skal ta vare på eit slikt fartøy, må jobbe kreativt og hardt, også for å dra inn alle interesserte personar, (kundar som idelalistar) på heile vestlandet, ja heile landet faktisk. Dèt blir* ikkje noko mindre* utfordring for andre bygder i kommunane omkring. Den einaste staden med brukbare forutsetningar, trass manglande tilkytning til båten, er Florø. Eller har du noko anna forslag Gustav? (Ser veldig fram til eit svar på det spørsmålet).
Det er ingen usemje om organisasjonsform,Ove. Eg forstår Arild sin idè som eit forslag, og eg veit at alle interesserte i bygda (og det er mange) vil arbeide på demokratisk vis, og lytte til gode råd frå tilsvarande miljø, og til fagfolk som deg Ove, for å finne beste selskapsform (DA, andelslag, foreining, stiftelse, rederi ets), strategiar og praksis for å ivareta og nytte båten på best mogleg måte for flest mogleg i på heile vestlandet.
Den organisasjonen som eig båten må ikkje naudsynleg ha “kontoret” i Stongfjorden, difor var eg i utangspunktet veldig positiv til Ove sitt forslag om Kystlag, men då det blei klart for meg at agendaen var meir som så, forstod eg at bygda må ta initsiativet sjøl, slik Arid fronta på origo i går kveld.
Så til det du kallar lokaliseringsstrid, Ove. Eg trur ikkje ein kan klandre Stongfjordingane for at dei vil ha MB Stangfjord i Stongfjorden. Det kan nok ikkje forklarast med Sunnfjordblodet i oss. Det var ikkje i Stongfjorden det blei yppa til strid.
Det irriterer at ein meiner at andre bygder skulle vere betre skikka til å ivareta Stongfjorden sin båt, for det er så dårleg argumentert for. Er det slike stor genetiske skilnader mellom folk innad i Sunnfjord? Eine bygda er rett nok litt større enn den andre, men alle er likevel for små hvis ikkje organisasjonen er utadvend, og organisasjonen ikkje til ein viss grad blir dreven på forretningsmessig grunnlag. Det må til, og då kan båten drivast frå kvar som helst, og lokaliseringa i Stfj mtp kundegrunnlaget i Førde, er perfekt. Dagleg rilsyn på ein halvtime kostar max 30.000 året, eller ca ein blåtur eller to. Det er lange tradisjonar for at sjøl store bedrifter etablerer seg i små samfunn, ikkje minst i Stongfjorden.
Eg synest elles at du Ove fortener ei stor takk. Det er i sær din innsats som har gjordt til at båten igjen har blitt så viktig for Stongfjorden. Du er likevel meir ein båtmann enn Stongfjording. MB Stangfjord er imidl viktig for vanlege folk i Stongfjorden, sjøl om dei ikkje er båtinteressert elles. MB Stangfjord er halvt ein båt og halvt ei ikon for Stongfjorden. Det ville vere fantastisk om du kunne bidra i etableringa av ein driftsorganisasjon som både engasjerer Stonfjorden og resten av verda.

Eg har i grunn ikkje noko spesielt anna å tilføye pr i dag enn å ønskje lukke til med båten og drifta.

Eg trur Ove veit best kva han snakkar om. Han har både erfaring og kunnskap på dette feltet, og dermed størst breidde i tankespekteret når det gjeld framtidige vilkår som må vere på plass for denne båten.

Ja, men det er ikkje det same som å praktisere opplyst einevelde. Vi er alle ulike mennesker med kvar sine referansar og preferansar, bak om sakskunnskapen. Berre til opplysning

Eg har vel sagt det eg har å se i saka, og vil følgje debatten frå sida. (men eg vil vere aktiv i arbeidet) Eg vil berre få avslutte innlegga med ei lita søt histore om det å underkaste seg autoritetar, Malmfrid. I 1972 var eg 10 år. Som ein del av EF-striden din, organiserte du eit demonstrasjonstog, beståande av oss smågutane som hang ilag der. Vi gjekk med svære plakatar med “nei til EF” på. Vi leit vel på at du viste kva du snakka om, for du snakka godt. Då me kom opp til Einar Alsaker, altså far til likje-Einaren, blei me møtt med argument, altså motargument. Det gjaldt råderett over fiskeerssursane. “Men kva skal vi med råderett over fiskeriressursane hvis vi blir utestengt frå den marknaden der fisken skal seljast?”, spurde Einar, og såg desverre på meg. No var gode råd dyre. Jan Atle var då (som no) nesten to år eldre enn eg, og hadde for lengst vunne ry som ein dyktig argitator. “Nei eg veit ikkje”, svara eg usikker, “men Jan Atle veit, så spør han!”.

Eg har aldri verken sagt eller meint at andre bygder er betre enn Stongfjorden, Jo-Eivind – fri og bevare meg for det. Eg har heller ikkje hatt nokon agenda om å ta båten frå Stongfjorden, slik du antyder. Det er kjempeflott om bygda no klarer å mobilisere og få til noko rundt båten. Men det er likevel eitt poeng att: Di tettare du knyter Stangfjord til Stongfjorden, di vanskelegare blir det å rekruttere frå andre bygder. For å ta dømet Bakkejekta: Der har vi – til ein viss grad – klart å halde ein regional profil, og dermed fått med folk frå Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund og Florø. Likevel er den vel for strekt knytt til Dalsfjorden til at stongfjordingane vil vere med, eller?
Opplyst einevelde kan vere bra for mykje, men eg kjenner meg ikkje heilt att som diktator – eller autoritet om du vil. Reknar med at Jan Atle bør vere med som agitator?
Takkar så mykje for gode ord, og håpar debatten i Stongfjorden Vel blir bra i mårå. Lukke til!

Så lat dette vere mi avslutning då: Nei eg har aldri opplevd deg som ein eineveldig. Det var Malmfrid sitt innlegg eg gjekk til åtak på, ikkje deg. Du/de for elles årsake at eg har blitt litt heit i toppen og spiss i ordlaget. Det er viktig greier dette. Eit anna er at Stongfjordingane desverre ikkje har gjort seg så veldig fortent til denne juvelen. Sjøl har eg vore positiv, men eg har ikkje engasjert meg. Eg har difor opplevd det som litt pinleg å argumenter så hardt, men må ein, så må ein. Nei, eg vil ikkje knyte båten så ekstremt fast til Stfj at ingen andre bryr seg med den, men eg ser at det kan bli nokre ferre båtfreakar som deltek. Dette vil kunne bli kompensert med at ei bygd egasjerer seg, og ved at ein set fokus på god marknadsføring og inntening. Dermed kan ein del tenester kjøpast, og ein slepp å gjer alt på dugnad. Ein slik strategi gjer båten synleg og tilgjengeleg for folk flest. Det må ikkje bli slik at båten blir dominert av så altfor mange entusiastar som står på liste for å bruke den til sine turar i beste innteningstida.
Så vil eg sei: Eg har aldri meint at ditt forslag til kystlag Ove, var ein dårleg idè for MB Stangfjord. Då kunne båten inngå som ein av fleire objekt som dei interesserte kan forbarme seg over, og då ville den inkludere regionen sjøl om den hadde heimehamn i Stfj. Noko slikt ville eg støtta. Nei no får det halde frå meg.

No vil tida vise kva som skjer med M/S Stangfjord, men eg skal gje Ove rett i at det er ikkje mange bygdefolk som har engasjert seg i båten fram til no, og so får vi sjå og høyre om dette har endra seg i kveld på velmøtet.
Båten er ikkje større enn at dei som ynskjer å drifte den klarar dette utan problem etter mitt syn.(privatfolk har større båtar enn dette)

Som du ser, Ove, så har Stongfjorden si origosone snart fått ei bok om båten Stangfjord. Så det vantar ikkje interesse for båten, men det praktiske engasjement har nok vanta, og det har nok sine grunnar. Vi er ei lita bygd som har kava på i fleire ti-år. Opprusting og utvikling av utemiljøet gjennom store prosjekt med stor dugnad. Vi greidde å skape ein ny butikk ved å etablere eit eigedomsselkap. Eit levande grendahus er bygt. Vi greidde å berge denne unike industrihistoria vår ved at vi fekk den inn i eit meir offentleg gjenge, med deg Ove som ein god bygdemann. 100-års jubileet, som samarbeid mellom Stongfjorden Vel og Askvoll kommune, står det stor respekt av. Det gjekk over 4 dagar.
Kjempestor dugnad av bygdefolket.
Vona om vekst i denne bygda ligg konstant. Nye generasjonar, med rot i bygda har busett seg her. Vi har fått eit Tilflyttingsprosjekt som har auka folketalet, og som dermed kan redusere kampen for å bevare skulen. Og så er Stongfjorden Vekst etablert. Heile tida oppstår det noko nytt. I tillegg er her fellessaker som stort sett kviler på enkeltpersonar. Kapellet. Nokre få personar tek seg av det gamle losjehuset, som ein open handverkstad.
Når vi prøver å sjå alt som har skjedd og fortsatt skjer her i bygda, på trass av at vi berre er eit lite pendlarsamfunn, så er det utruleg.

Private tiltak har oppstått i Villabyen, og har utvikla seg til ei perle i bygda.
Og no har vi fått Korken ute på kaia.

Båten Stangfjord: Båtbyggeria har lege for langt unna til å fange opp det nære engasjementet. Når no juvelen M/S Stangfjord nærmar seg, finn nok den sin hamn også, gjennom eit breitt og fagleg samarbeid.

Bra! i særklasse.

Eg hadde avslutta, resignert, mot alle desse med Stang som etternamn.

Eg livna til att då eg las det Jo-Evind B.Stang skriv om då han som 10-åring i Stongfjorden gjekk i tog mot EF.

Han får Bra! frå meg for dette, Bra! i særklasse: – Ditta e pikatre løye og.

Eg skal ikkje kommentere møtet i kveld, men vi vart fortald ei røvarhistorie.

Eg har sjekka nettet etter ei tolkning av ei “røvarhistorie” (utan å finne ei nærare tolkning av ordet) men det kan tenkast at eg har brukt feil ord i kommentaren etter møtet i går.
Det eg meinar er at nokre opplysningar vi fekk ikkje er i samsvar med mine opplysningar i saka, og då tek eg attende ordet “røvarhistorie” og erstattar det med at eg er usamd i deler av saksframstillinga.
Viser i den samanheng blant anna til fylgjande skriv

Eg er ikkje heilt sikker på kva du siktar til Arild?! Kan du utdjupe det? Veit fristen for denne nye eigarforma er sett til ut mars (las det ein eller annan stad) og ikkje februar, men elles er det sikkert noko som har gått meg hus forbi i forhold til brevet frå Riksantikvaren og møtet i går.

Eg kan ikkje gje deg nærare forklaring på dette Gustav, men om ikkje lenge vert det eit nytt møte og ein ny tråd så følg med.

Svært interessant å lese Arild Gjervik sin link til Riksantikvaren ovanfor.

Eg kan ikkje finne verneverdige båtar , berre verneverdige fartøy, i ovannemde link.

Eg synest det er oppsiktsvekkande om riksantikvaren ikkje har verneverdige båtar på sine vernelister.

Til illustrasjon:

Det har vorte ein tradisjon for i Norge at Riksantikvaren har gitt støtte til verneverdige, dekka fartøy, medan verneverdige opne båtar har vore musea sitt ansvar. Eg er heilt samd med deg Svein i at dei opne båtane får for lita merksemd og støtte, og det håpar eg at eit kystlag i regionen kunne bidra til å endre!

Kjempeflott bilde!

Ove Losnegård samd med meg?

Eg tvilar på om det er rett.

Det oppsiktsvekkande her er at Riksantikvaren og andre såkalla fagfolk vil bruke 15-20 millionar kroner av offentlege midlar på å bygge oppatt mm. ein båt som MB Stangfjord. Samstundes finst ikkje ein einaste færing/seksæring osv. på Riksantikvaren sine vernelister.

Ove Losnegård bør klårgjere kva han her seier seg samd med meg i.

På bilde ligg en flott båt,. med sjel,svette, trebola og sikkert ei historie i kvart ett åretak.

Eg kvir meg ikkje for å vere samd med deg, Svein – når det høver seg slik. Eg meiner det burde leggast mykje større vekt på å ta vare på små og opne båtar, men eg trur ikkje det er fornuftig at Riksantikvaren skal ha det ansvaret. Eg meiner det vil vere betre om det ansvaret ligg i fylka og hos musea, og eg vil gjerne vere med å kjempe for at det skal kome meir pengar til desse båtane. Førebels har vel Riksantikvaren brukt 3-4 mill på Stangfjord, og eg har god tru på fagfolka der.

Idag var det samla 5 karar for å drøfte organisering rundt Stangfjord. Lasse Wie fekk i oppdrag av årsmøtet i Stongfjorden Vel å samle oss til møte for å drøfte ulike alternativ. Lasse, Atle Vie, Arnljot Berge Stang, rådmann Svein Festervoll og underteikna diskuterte m.a. kystlag, stifting og båtlag. Alternativa blir lagt fram på ope møte i Stongfjorden laurdag 10. mars kl. 15 30. Der kan alle møte fram og seie kva dei meiner!

Om eg møter opp i Stongfjorden er usikkert- båten Stangfjord lovar eg å ikkje blande meg bort i.
Det hadde kanskje vore litt interessant å vere observatør.

Eg er framleis i uvisse om kva Ove og eg er samde om.
For dei åpne båtane- tradisjonelle færingar osv.- er det neppe pengar/ offentlege midlar/tilskot det står om.
Slik eg ser og opplever det er denslags båtliv for eit fåtal spesielt interesserte.
Dagens ideal er skjærgårdsjeep, og cabincrusarar med opptil fleire etasjar og lange vinglas på flybridgen.
Sentrumshamna i Askvoll og andre stader er døme på dette. Oljealderen viser seg her og.
Også politisk/administrativt ser dette nye idealet for båtliv ut til å ha høg prioritet lokalt i Askvoll i høve arealbruk og arealplanlegging i strandsona.
I det minste her lokalt er det høgst truleg svært få som ser ein tradisjonell færing med årar og segl som interessant alternativ/supplement til ovannemde.
Dei åpne båtane av lokal type for årar og segl er snart mest berre historie. Berre eit fåtal av desse kan framleis finnast i gamle naust, endå ferre er å sjå i bruk. Mange er kremert, på jonsokebålet. Då gret dei, “gret århundre gamle tjøretårer”(Ivar Eskeland). Kunnskapen om bygging av sunnfjordbåten er høgst truleg gått tapt. Det som i beste fall kan halde fram er kopibygging- då helst med båtbyggarkunnskap frå andre landsdelar som grunnlag.

Du har rett i mykje av det du skriv, Svein. Men trass alt er vi nokre som framleis tykkjer det er stas med trebåt, gjerne tradisjonell og gjerne gammal. Eg vel å tenkje positivt rundt dette, ikkje tenkje for mykje på alt som er gått tapt, og prøve å ha det kjekt med desse båtane saman med likesinna. Det meiner eg at vi har fått til med Bakkejekta, det håpar eg skal vere råd å få til rundt Stangfjord, og det håpar eg også skal vere mogeleg med små og opne båtar i regionen. Til dømes skal Haugland Rehabiliteringssenter frå i vår ha 5 robåtar av tre tilgjengeleg for pasientar som vil ro. Stor ros til dei for det!

Ove Losnegård får “Bra!” frå meg for sitt siste innlegg- dvs. Bra! minus

Minus gjeld MB Stangfjord.

For heile denne diskusjonen på origo sit eg att med dette:
Det beste er truleg at eg held fram med å bale med mitt.
MB Stangfjord, kystkulturen, Fjordsteam og andre store anledningar, overlet eg til dei som har greie på slikt.

Eg vil med dette invitere deg, Sveinung til å delta i laget som skal ta vare på MB Stangfjord i framtida.

Dersom det er eg` Sveinung du rettar invitasjonen til, Jo- Eivind, seier eg nei takk. Dette prosjektet har eg ikkje noko tankar om. Eg kan ikkje minnast noko om denne båten frå den tida eg var i Stongfjord/Grimelid, når eg no er der ute vert det mest å gå og minnast frå den tida eg var der. Det er berre naturen som står nesten urørt att ,det fell ifrå ein etter ein. Eg ynskjer dykk likevel lukke til med prosjektet.

Annonse

Nye bilder