Er det behov for utviding av grendahuset

Det er blitt diskutert ”ut i lufta” i ulike fora eit ynskje om ei utviding av Grendahuset for å få plass til eit trimrom med vekter, spinning, Zumba..mm.
I dag reiser mange ut av bygda for å drive med disse aktivitetene.
Det er og eit ynskje å utvide kjøkkenet, evt. med eit eige rom for oppvask/ lager.
Kan vi sjå desse sakene som to ulike saker eller i sammenheng, og er dette prosjekt som er verd å satse på som eit bygdeprosjekt ‐ over 2 år
Om bygdefolket ynskjer dette og det er folk som vil ta arbeidet med å arbeide fram desse prosjekta så er eit tilbygg mot vegen kanskje det beste alternativet, men dette må drøftast med Statens vegvesen først.
Utviding på andre sider av Grendahuset er og mogeleg.
Kom med innspel til styret i Grendahuset her på ORIGO om du meinar att dette er noko det skal satsast på, og om du vil vere med på arbeidet for å få dette til.
Kva ynskjer bygdefolket at grendahuset skal brukast til i framtida.
Kanskje er det nokon som sit med smarte løysingar for å få auka aktivitet i Grendahuset

Vist 159 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Det har i andre samanhengar vorte sakt at det er galskap å bygge nytt når det står tomme bygg i bygda som kan huse ny aktivitet.
I denne saka kunne det kanskje vore på sin plass å ta kontakt med Helle fabrikker for å høyre om det er mogeleg å bruke kantina til sykkel og zumba, og i garderoben er det plass til mange som vil løfte vekter.
I dag er det vel berre Fjorddur som øver i kantina, og det er ikkje kvar dag.

Et meget bra forslag iallefall for “oss invalide” med litt redusert bevegelseskapasitet,- jo nærmere dess betre. Hadde vært kjekt å kunne gå til lokalet når det passa uten først måtte “lide” seg gjennom en biltur til feks.Askvoll,- da blir det kanskje mer med tanken. Eg kan pga av helsa desverre ikkje delta i arbeidet med å få dette til men skal helt sikkert bruke tilbudet når og vist det kjem :-))

Det er også ønske om å utvide kjøkkenet i Grendahuset, med meir utstyr (oven) og småutstyr, Mange meiner og at salen er litt liten til den bruken vi har i dag.

Eit trimrom (treningssenter) bør etter mi meining ha en eller fleire instruktørar. Er det nokon som kan de her i Stongfjorden?

Annonse

Nye bilder