Frå Mountains in Askvoll

Her er eit panoramabilde teke med mobil frå Størdalsstauren som viser Stavenesodden og halvøya nord for Stongfjorden, heilt frå Vågeskaret i aust og til Staveneset i vest. Det er sikkert mange som ikkje har sett denne utsikta før.

Bildet syner elles busetnaden frå Stongfjorden t.h. og utover langs stranda til Yndestad, Haugane, Fauskevika, Mjåset og Underset. Fjella vi ser er frå venstre, og heilt ute på spissen av odden Furefjellet, Høgeheia, Blåfjellet, SKylefjellet, Yndestadhøgeheia, Toreheia og Ytrevågefjellet. På nordsida av halvøya ligg Stavfjorden og øyane ved Florø.

Det er fleire stadar å gå opp på desse toppane. Dei har alle nydeleg utsikt til havet og solnedgangen. Ein annan fellesnemnar er at du kjem fort over skoggrensa slik at du får lett oversikt over det opne terrenget. Du kan gå m.a. frå Holevika ytst ute, Yndestad (merka sti i Kystarven), Osland, Vågane eller Stavestranda på nordsida. Stiane er lette å følgje og godt merka. Og turen kan du i grunn gjere så lang du vil….‪#‎mountainsinaskvoll‬

Tekst og foto frå Facebook

Vist 122 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder