Forum: Ope forum

Om bilder.

Jonsok 2007

Det er mange flotte bilder å finne i albuma her,og vi blir oppmoda til å legge ut fleire. Eg synest det er flott, men samtidig synest eg det kan vere greit å minne oss sjølve på at vi bør vere litt kritiske og varsame når vi legg ut bilder på nett. Eg har nok sjølv synda (og kjem sikkert til å gjere det igjen), men eg prøver å ha som regel at eg spør dei som er med på bilda om det er ok for dei at dei kjem på internett. Det kjem sjølvsagt litt an på situasjonen i bildet. Datatilsynet har skissert normer for kva ein kan og ikkje kan i forhold til bilder på nett, som kan vere greit å ta ein kikk på.
Ellers synest eg òg at det kan vere greit å redigere bilda litevetta i eit bildebehandlings-program før dei blir lagt ut. Sjølv brukar eg Picasa som er gratis og har eit enkelt redigeringsprogram der ein kan gjere bilda betre. Det er lett å bruke til å f.eks.å rette opp horisonten, klippe bort “uvesentilige” ting , redigere lys og fargar med meir. Her kan du òg lagre mengder av bilder og enkelt dele dei med andre.
Håpar eg ikkje har skremt nokon frå å legge ut bilder, det er alltid kjekt å finne bilder av kjentfolk og kjende plassar så hald fram med det !

Bygdefolk og Jaktfoto

Jan Atle

Eg har oppretta eit album som heiter “Bygdefolk”. Her kan de legge inn nærbilde av (levande) folk frå bygda, gjerne med ein tekst under – i alle fall namn.. Arild har også oppretta eit album kalla “Jaktfoto” som kan bli veldig spennande. Hugs likevel alltid å krysse av for rett albumkategori når du legg inn bilde. Kryss også av slik at berre medlemmer kan sjå bilda. Dersom nokon har problem med å legge inn tekst og bilde på Stongfjord-sona, må de berre gje eit vink på mail (stang@firda.no), så skal nok eg eller nokon av ekspertane mine prøve å hjelpe til. Alle skal, som sagt tidlegare. med..

Det var ein gong..

I Stongfjorden er det mange flotte, eldre bygningar. Nokre er bygde i samband med den store industrireisinga på byrjinga av 1900-talet, andre er endå eldra (og sjølvsagt yngre..). Ja, nokre av oss hugsar endåtil mange bygningar som ikkje lenger finst, men som likevel er ein viktig del av bakgrunnen vår – historia vår, identiteten vår. Eg kan nemne Folkets Hus, Notaloftet, Slippen, Messa, Gata, Laboratoriet osv.
Det same kan ein seie om folk; dei blir eldre, og dei blir borte. Men alle representerer dei eit minne, ei historie.
Det ville vere fint om folk som sit med bildemateriale og gjerne historier knytt til bileta av folk og bygningar kunne presentert dei her på Stongfjord-sona. Det ville vere spennande både for folk med tilknyting til bygda og for dei som berre er innom for på kike.
Eg vil opprette eit album her på sona som eg vil kalle “DET VAR EIN GONG”. Her kan historiske bilete og tekstar av og om personar og bygningar visast. I mellomtida er det fint om de kan planleggje kva/kven de vil presentere. Mange har gjerne bilde av t.d. besteforeldre, oldeforeldre, ein gammal onkel eller ei gammal tante, ein nabo, som de vil vise fram og fortelje litt om.
Kanskje veit nokon t.d. historia bak Losjehuset, Kanalen, Turbinen, Trafokiosken osv., som de kan vise fram og fortelje litt om. Mange andre veit kanskje ikkje mykje om desse tinga, men ønskjer å vite meir. Kanskje er det nokon som har bilde frå livet i knivfabrikken eller frå sveisehallen, og gjerne kan fortelje litt om folk som jobba der, om livet på arbeidsplassen den gongen.
Dette er nokre tankar frå mi side, men eg tek gjerne imot innspel og gode tips om korleis ting kan gjerast.

Norges kortaste og beste lakseelv ?

Lakseelva

Viser til bildet som er vedlagt.
Det viser kanskje den mest fangstrike lakseelva i landet i forhold til størrelse.
Det vert i løpet av ein sesong tatt opp store mengder med laks og litt aure.

I dei seinare åra har innslag av oppdrettslaks vore betydeleg, så dei som driv dette fiske gjer ein god innsats for miljøet.

Kurt Raymond Amundsen var ein av storfiskarane når han budde i Stongfjorden.
Her har han skaffa søndagsmiddagen.

Storfiskeren Kurt Raymond

Kjempeflott start for Stongfjord-sona

Berre på nokre timar er Stongfjord-sona blitt ein spennande stad både tekst- og bildemessig. Arild og Gustav har starta ballet på ein fabelaktig måte, og no gjeld det at også andre i og frå fjorden hiv seg på med same liv og lyst. Det er viktig at sona blir brukt til å fortelje folk om kva som har skjedd, skjer og skal skje i Stongfjorden – både gjennom tekst og bilde. Eg får seie som eit parti sa ein gong: ALLE SKAL MED!!!
Det er også bra om de legg inn arrangement på kalendaren. Då vil alle kunne få vite om arrangement i god tid og kunne legge dei inn i planane sine. Kartet er også bra, då det kan fortelje kvar ting skal skje. Ikkje minst er kartet bra dersom det er snakk om fjellturar (Gustav); ikkje alle veit kvar t.d. Moldurda, Svedalen eller Toreheia er i verda.. Kart kan jo også koplast til bilde av stadane. Her er altså mange mulegheiter for “Stongfjordens fremme”.
Sona for Stongfjorden kan vere bra både som reklameplakat for bygda, men også som nyheitsformidlar. Legg difor inn små og større hendingar så kjapt som råd er. Slike ting kan godt bli fanga opp av både Firda og andre og større aviser, ja, til og med TV2, som Firda har godt samarbeid med – ikkje minst på bilde/videosida. Skjer det noko, så nøl altså ikkje med å legge ut verken tekst, bilde eller filmsnuttar på sona (bruk om nødvendig bilde/video tatt med mobiltelefonen)!!
Som sagt er eg veldig glad for at sona på så kort tid er blitt ein spennande arena, og eg ser fram til mange fleire bidrag både frå Arild, Gustav og alle andre med hjartet på rette staden – Stongfjorden.. Snakkast!

Bygda frå fjorden

Fann ut att eg skulle legge ut nokre bilder som viser bygda frå fjorden.
Dette er kanskje ein ny måte å sjå bygda på for mange.
Bildene ligger her

Eit lite dykk i arkivet

Eg bladde gjennom nokre bilder frå Skålefjellet i fjor og har lagt ut ein slags årskavalkade for 2008.

I same slengen dukka det opp nokre bilder frå gapahuken til Pål og Bente i Gjerdedalen som eg òg la ut.

Dersom det er nokon som har synspunkt på korleis vi skal byggje opp dette “arkivet” på Stongfjorden sona så ta kontakt.

Raske klipp frå bildearkiv

Tok ein rask klipp av nokre arkivbilder frå bygda, og la inn på den nye Origo-sida i dag tidleg. Bilda er vel stort sett to-tre år gamle med unntak for nokre frå 17.mai i år. Eg har mykje meir bilder liggjande, men vi får ta litt etter kvart.

Dersom det er nokon i bygda som ikkje ynskjer å bli attgjevne på foto på denne sida (internett), ber eg om ei tilbakemelding på det. I første omgang har eg difor ikkje lagt ut bilder av folk som eg ikkje veit er positive til det.

Fra Diverse

Morgonstemning ved fjellvatn

Gratulerer stongfjordingar!

Baden

(Heiter det stongfjordingar forresten…?)

Mykje av det som skjer i Stongfjorden er også interessant for andre i Sogn og Fjordane. Bruk derfor “Ope forum” når du skriv meldingar her i denne sona, slik at alle kan sjå teksten når dei kjem hit, sjølv om dei ikkje er medlemer i sona. Nøl heller ikkje med å krysse av for “Bruk ropert”. Då hamnar innlegget også på Fjordaglimt.no, som er fylkessona som automatisk samlar opp alt som skjer i dei mindre sonene i fylket. Slik får innlegget størst mogleg merksemd, og kan medverke til å dra nye medlemer inn til Stongjorden-sona.

Kalenderfunksjonen bør bli den nye store kulturkalenderen for bygdene langs Stongfjorden. Alt av stort og smått som skjer langs fjorden bør leggjast inn der. Tilskipingane vert automatisk også synlege i kalenderen på Fjordaglimt.no (om du ikkje har valt noko anna), og vil etter kvart også bli plukka ut til oversikten i avisa Firda. Og det treng ikkje vere arrangøren som skriv inn tilskipinga, det kan kven som helst gjere.

Det kjekke med kalenderen at du du som sonemedlem kan krysse av på det du har tenkt å delta på. Dermed ser kanskje naboen at de har tenkt dykk på den same tilskipinga, og de kan slå følgje. Og når mange har kryssa av ser du om arrangementet er populært, og kva kjentfolk du eventuelt kan møte der.

Denne sona må drivast av folket ved og i Stongfjorden sjølve. Firda har ingenting med sona å gjere, anna enn at det som de ønskjer merksemd om automatisk hamnar på nettsidene til Firda, og på sikt også i avisa. Jan Atle Stang har oppretta sona i privat regi, ikkje som Firda-redaktør.

Sona blir utstillingsvindauge for Stongfjorden, og derfor bør flest mogleg engasjere seg her. På same tid har den ein funksjonsom bygdeavis.

Ta debattane her i det offentlege, anten det gjeld diskusjon om programmet for Stongfjord-seminaret, tolking av helleristingane på Staveneset, legg ut bilete frå turar, tilskipingar, videoar frå YouTube (lim inn embed-koden i tekstfeltet) og anna du har lyst til. Ingenting er for stort, ingenting er for lite. Eit tips for å ikkkje skremme unna til dømes dei yngste brukarane, er å halde ein god tone og å ha respekt for andre sine meiningar. Diskuter alltid sak og ikkje person. Kommenter gjerne dette innlegget i feltet nedanfor.

Kjenner du fastbuande eller utflytta som burde vere med her? Sjå Om sona øvst på denne sida, og inviter fleire inn til sona via epost eller mobiltelefon.

Lukke til!

(Eit lite spørsmål til slutt. Kva er historia bak Baden som biletet viser, og kva blir huset brukt til i dag?)

Annonse