Forum: Ope forum

Winter on Middagsnipa

Eg sette i hop ein ny film med vinterbilder frå Middagsnipa. For den som ikkje er heilt trygg på kvar fjellet er, så går du opp frå Osland, over Vågeskardet, og opp over den bratte høgda. Eit stykke austover her i frå kjem du til Indrevågefjellet, og går du eit stykke til så finn du Middagsnipa (sjå vedlagde kart). Det er fin utsikt her opp. Fjellet er ganske greitt å gå på både sommar som vinter. God tur!

Kjekk kåring for Stongfjording

Gøran Standal (t.v.) og Espen Vasseth delte førsteplassen i tevlinga om å verte «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet i 2015. (Foto: EBA Vestenfjelske

Gøran Standal (24) frå Førde og Espen Vasseth (20) frå Stongfjorden er kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet.

Les her

Stavenesodden

Nokre nye og nokre gamle bilder frå Furefjellet, Høgeheia og Stavenesodden elles.

Steinring

På sauesanking på Stavenesodden i helga, kom eg over denne steinringen oppe på fjellet. Den ligg omlag 2oo meter i luftlinje frå høgste punktet. Det er ei kjend sak at det ligg gravrøyser og helleristingar frå vikingtida ved fjorden, så eg lurte på om denne steinformasjonen òg kunne vere av gamal årgang. Steinane verkar ikkje tilfeldig plasserte, og det er heller ikkje naturleg å sette opp ein varde her. Når så dette ligg eit godt stykke utanfor den vanlege stien er det kanskje tvilsamt at ungar har leika seg òg. Dersom det er nokon som veit noko meir om denne steinringen hadde det vore fint å fått vite.

No legg eg førebels ikkje noko meir i dette enn at eg er nyfiken. Men eg har sendt ein førespurnad til kulturetaten i fylket òg. På nettet har eg sett at steinringar kan vere gamle offerplassar.

Sanking del 2

Som lørdag så søndag…BINGO

Julegrantenning og adventsbasar 29.11 kl. 16.00

Tradisjonen tru tenner vi julegrana på skuleplassen 1 søndag i advent kl. 16.00 Skålefjellsnissen har fått sendebod om dette og han finn nok vegen ned i fjorden i år også. Etterpå vert det gløgg, kaffi og kaker i Grendahuset og basar der inntekta går til drift av huset. Gevinstar vert tatt imot med stor takk.
Styret for Grendahuset og Festivalkomiteen i Stongfjorden Vel ynskjer alle vel møtt til ein koseleg ettermiddag ilag.

Sauesanking Stavenesodden

Mange foto og referat på blogg

Trim Grendahuset

Kvar måndag er vi ein liten gjeng som møtes til trening i Grendahuset kl 20.00

Vi spelar landhockey først og så sirkeltrening/styretrening.
Alle er velkomne !

Årsmøte i Vassverket

Årsmøte i vassverket vert halde Tirsdag 10.11.2015 Kl.19:00 i Grendahuset
Vanlege årsmøtesaker

Helsing Styret

Orientering om mogleg etablering av mottak for flyktningar

Askvoll kommune ønskjer å orientere om mogleg etablering av mottak for einslege mindreårege flyktningar i Askvoll sentrum

Les her

Romjulsfest i Grendahuset med tapas og DJ

Styret i Stongfjorden Grendahus har bestemt at vi tek ein ny vri i år og arrangerer romjulsfest i Grendahuset istadenfor det tradisjonelle julebordet. Styret vil arrangere ein påmeldingsfest der det vil bli servering av tapasmat med ein smak av jul og god dansemusikk til å svinge seg etter. Dato vert avklart i løpet av ei vekes tid og då kjem styret også meir info om påmelding, pris m.m.
I Stongfjorden er det ofte mange heime i samband med julefeiringa så det vert ein god anledning for fastbuande og tilreisande å treffast for god drøs og dans. Vi i Styret for huset gler oss og er i gang med planlegginga for å lage romjulsmoro i fjorden :-)

"Nytt" hus til salgs i Stongfjorden sentrum

Huset til “Kari`a” er til salgs.

Sjå annonse HER

Annonse