Viser arkivet for desember, 2011

Nyttårsafta

Nyttårsafta er den siste dagen i året og markerer slutten på det gregorianske kalenderåret og starten på eit nytt år med 1. nyttårsdag. Nyttårsafta i 2011 er på ein lørdag.
I Europa vert det brukt ulike navn på den siste kvelden i året. Navna kan til norsk oversettast med bl.a. nyttårsaften, den gamle natt eller Silvester.

Mannsnavnet Silvester (norsk: fra skogane, av latinsk silva, (skog)) vert brukt i ei rekke europeiske språkområde som navn på den siste dagen i året. Opphave til navnet går tilbake til 1582 då den gregorianske kalender vart lagt om slik at året`s siste dag vart flytta frå 24. desember til 31. desember.

I vestlege land vert den 31 Desember feira med ein fest eller eit selskap enten heime eller ute, og denne kvelden endar opp med nedteljing til det nye året sin start ved midnatt, og denne tradisjonen er i bruk over hele kloden. Fyrverkeri og sjampanje er vanleg. I Norge er det vanleg å ete pinnekjøtt, ribbe eller kalkun på nyttårsaften.

Vegen ut i verda opnar i dag

Rapport oppdatert: 31.12.11 09:41
Fv 609
Hundsåna (i Askvoll kommune)
Sogn og Fjordane – Midlertidig stengt
Stengt på grunn av steinras.
Opprydningsarbeidet ventes avsluttet klokken 13:00 lørdag.

.

Værtegn

Synes (vises) mange stjerner, blir det mye multer.
Blir det blåst, blir bodene (vinter-lagrene) halvfulle.

NYTTÅRSAFTEN.

Dette var en farlig aften. All slags trollskap var ute. For å holde trollskapet borte, skjøt de skudd over hustakene. I senere tid gikk skikken over til å skyte inn det nye året.
Merket på primstaven er et hjul eller et timeglass.

31 Desember

Navnedag: Sylfest, Sylvi, Sylvia

Romjulsfjellbukkar på ferde...

Ein god latter lengjer livet. Eg fekk meg ein slik ein etter at eg nådde toppen på Ytrevågefjellet i kveld. For jau var det planta skilt av meg sjølv godt ned i varden. På skiltet stod teksten: “Gustav sin rasteplass”. På andre sida av varden var det kome opp skilt om fjellvettreglane. Skilta ser du her:

Les meir…

Gamle værtegn

Blåst (vind) i natt betyr kronår på korn og ull.

30 Desember

Navnedag: David, Diana

Fellingsrapport for hjortejakta

Vi minner om at fristen for å sende inn fellingsrapport etter jakta er seinast 10 dagar etter at valdet har avslutta hjortejakta.

For dei som jaktar til 23. desember er fristen, av omsyn til jula, sett til 10. januar 2012. Vi ber om at fristen vert helden av omsyn til vidare rapportering til SSB.

Sett hjort skjema må sendast inn i løpet av januar, men det er ynskjeleg at de sender dei samtidig med fellingsrapporten.

Vår adresse: Landbruksforvaltninga i Askvoll og Fjaler, pb 174, 6988 Askvoll
Publisert av Eikemo, Velaug Helle. Ansvarleg Folkestad, Johannes.

Værtegn

Været femtedag jul skulle vare i følgende fem uker.

29 Desember

Navnedag: Vemund, Vidar

Kompensasjon for langvarige straumbrot

For dei som har vore utan straum i 12 timar eller meir, samanhengande, kan ein søke om kompensasjon HER

Solreisa

Les meir…

Opprydningstatus Askvoll Kommune

Alle husstandar fekk attende straumen i løpet av tysdag og har straum no. Fv 609 er framleis stengt og geolog kom på plassen når det vart lyst.

Der har vore etablert lokal legevakt sidan 1, juledag. Denne ordninga held fram til fv 609 opnar att.

(Kjelde: http://www.firda.no)

Raset ved Hundsåna

Rapport oppdatert: 28.12.11 15:10 RSS
Fv 609
Hundsåna (i Askvoll kommune)
Sogn og Fjordane – Midlertidig stengt
Stengt på grunn av steinras. Opprydningsarbeidet ventes avsluttet til helgen.

"Lakse skryte"-tråd

I mangel på noko betre å gjere ein regnfull formiddag, opprettar eg herved ein såkalla “tråd”, kor ymse personar kan leggje ut bileter av storlakser dei har fått.

Eg kan starte med ein:

( Nokon vil kanskje kalle det en “tart”, men ikkje eg. Til mitt forsvar kan det òg nemnast at eg har fiska ørreter som er dobbelt so tunge. – smilefjes med fiskestang i hånda – )

Søknad om fartøyvernmidlar for 2012 til restaurering og istandsetting av M/S Stangfjord

Vi søkjer om støtte frå Riksantikvaren (RA) og Sogn og Fjordane Fylkeskommune til å halde
fram arbeidet med restaurering og istandsetting av M/S Stangfjord i 2012.
Bakgrunn
Det er gjort greie for tilstanden og verneverdien til båten i fleire ulike samanhengar gjennom
dei siste 10 åra. Rapportar og fotodokumentasjon er oversendt fortløpande til RA og
fylkeskommunen og vi har hatt ein god dialog i prosessen til no.
M/S Stangfjord er godkjent som verneverdig skip av Riksantikvaren. SAVOS sin
fartøyvernplan gjev båten svært god omtale. Dei siste åra er fartøyet prioritert på topp av Sogn
og Fjordane fylkeskommune. Askvoll kommune har arbeidd for å realisere istandsettinga
gjennom mange år, og vedtok oppstart av restaureringsarbeid i 2008 i samråd med
fagmyndigheitene.
Grunngjevinga for verneverdien er kombinasjon av type båt, tidsepoke og bruksområde.
Båten vart bygd som skyssbåt til eit veglaust industrisamfunn på Vestlandet. Det er ei svært
tett kopling mellom historia til fartøyet M/S Stangfjord og vekst og fall i industribygda
Stongfjorden. Det er brei semje mellom dei ulike aktørane at det er istandsetting til ca 1952 –
standard som skal gjennomførast.
Status
Oppstart av restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) vart noko forseinka men kom
i gong medio 2009. Båten vart demontert, og alle funn dokumentert. Det er gjort eit grundig
arbeid for å finne mest og best mogeleg kjeldemateriale og bilde som kan dokumentere
korleis båten såg ut i 1952. Fartøyvernsenteret har laga ein førebels rapport som gjer grundig
greie for arbeidet i 2009 (oversendt i 2009).
På bakgrunn av demontering, funn undervegs og betre kunnskapsgrunnlag om båten er det
utarbeidd eit nytt kostnadsoverslag for restaureringa (oversendt i 2009). Generell pris- og
lønnsvekst, avdekking av ny informasjon under demontering samt behov for noko meir Side 2 of 10
omfattande restaurering på delar av båten gjer at dette er høgare enn tidlegare berekningar.
Det er dette kostnadsoverslaget vi no jobbar ut i frå.
Riksantikvaren har vore på synfaring ved HFS både i 2008 og 2009, og vi sett stor pris på
denne oppfølginga. Ny informasjon er fortløpande presentert RA per e-post og i telefonmøte
med Sverre Nordmo no i desember.
Oppsummering til no viser at arbeidet med fullstendig istandsetting vil verte dyrare og ta
noko lenger tid enn først planlagd. På den andre sida så er vi nærare eit heilskapleg og godt
sluttresultat med eit framt idig stort formidlingspotensiale enn nokon gong.
I 2011 har HFS arbeidd på båten i frå slutten av mai til arbeidet vart stoppa i desember. I løpet
av året er utvendig og innvendig skrogarbeidet ferdig. I månadsrapport frå november 2011
skriv Hardanger Fartøyvernsenter:
” I løpet av november fekk vi lagt dekket på bakken, slik at det i all hovudsak er driving som
gjenstår der. Videre har vi lagt bjelkelaget inne i styrehuset, avsluttet enkelte deler i
forbindelse med styrehuset. I forlengelse av styrehuset har vi ruffsidene som nå er boltet fast,
og hvor vi også har lagt bjelkelaget til. Det vil si at vi har kommet noe lengre for de pengene
som dere har til prosjektet enn vi snakket om for ca et halvår siden.
Vi har nettopp stoppet arbeidet om bord på Stangfjord, da vi har kommet til et sted i prosessen
hvor det vil krevje en god del ekstra å fortsette til neste sted hvor det vil være fornuftig å
stoppe.”
Lokal forankring og framtidig drift
Arbeidet med driftsorganisasjon starta i 2009. Arbeidet vil halde fram i 2012. Stongfjorden er
teke opp i bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane. Vi har ein dialog om korleis
arbeidet med M/S Stangfjord eventuelt kan integrerast i bygdeutviklingsprosjektet. Vi
ønskjer å skipe ei eiga stifting med ideelt føremål for eigarskap og drift av M/S Stangfjord.
Utfordring
Restaureringsarbeidet er komme i gong og det er ein stor fordel å kunne halde arbeidet i gang
til båten er ferdig. Både økonomisk og båtfagleg vil dette vere mest effektivt. Det nye
kostnadsoverslaget gjev nye utfordringar på finansieringssida. Vi er avhengige av at
Riksantikvaren gjennom fartøyvernmidlane tek ein stor del av kostnadane. Det er og vesentleg
at Sogn og Fjordane fylkeskommune prioriterer og støttar arbeidet vidare.
Askvoll kommune er i ein svært anstrengt økonomisk situasjon. Vi ønskjer å bidra til arbeidet
og prøvar kvart år å sette av ein mindre sum til arbeidet i tillegg til administrasjon og
oppfølging. Saman med økonomiansvarleg har vi sett på moglegheiter for rekneskapsføring
for arbeidet der mva- kompensasjonen til kommunen kan tilbakeførast prosjektet. Dette kan vi
gjere innanfor gjeldande reglar. Dette vart gjort i 2008, 2009, 2010 og 2011, og vi vil gjere
det i resten av prosjektperioden. Det vil seie at dekking av mva-utgifter er ein del av Askvoll
kommune sitt bidrag til prosjektet.
Arbeidsinnsats og framdrift
Hardanger Fartøyvernsenter har på bakgrunn av kapasitet og framdrift i restaureringa tilrådd
Askvoll kommune å finne finansiering for kr. 2 mill + mva i 2012.
Utgiftene fordelar seg slik:
Styrehus kr. 350.000,-
Nedgangskapper, skylight, trallverk m.m kr. 150.000,-
Maskinrom og motor med propell/ror kr.1.000.000,-
Ruff kr. 200.000,-
Innreiingsarbeid framme i båten kr. 300.000,-
Kostnadsoverslag
Dette tek utgangspunktet i allereie utført arbeid og oppdaterte tal for fullstendig restaurering.
Flytting/rigging 2008 kr 181 798,-
Restaurering – totalprosjekt kr 8 710 987,-
Totalt: kr 8 892 785,-
Av totalkostnaden er ca 1 700 000,- mva I tillegg kjem administrasjon og oppfølging frå
Askvoll kommune si side som kjem utanom prosjektet.
Dersom den originale motoren skal innstallerast vil prosjektet verte vesentleg dyrare.
Nordnorsk Fartøyvernsenter har etter oppmoding frå HFS gjort ei vurdering av kostnadar,
tidsaspekt og komplettering av manglande delar til ein 2-sylindra Wichmann 35/45 hk.
Konklusjonen er eit timeforbruk på 1700 timar, i tillegg kjem kjøp, utgifter til materiell
transport m.m
HFS vurderar at dette vil forlenge prosjektet med minst eitt år og ber om at kommunen og
Riksantikvaren får avklara dette spørsmålet tidleg på nyåret.
HFS tilrår ei løysing med å st ille ut den originale motoren, og sette inn den siste motoren som
var i Stangfjord. Om den ikkje er i orden kan det settast inn ein ny Iveco av passande storleik
for kr.150 – 200.000,-Side 4 of 10
Finansiering:
Finansiering per 01.12.11:
Fond per 01.08.08 kr 716 285,-
Askvoll kommune – støtte 2008 (mva) kr 61 035,-
Askvoll kommune – støtte 2009 (mva) kr 105 000,-
Askvoll kommune – løyving fond kr 50 000,-
Løyving S&F Fylkeskom 2008 kr 250 000,-
Løyving RA 2009 kr 600 000,-
Løyving S&F Fylkeskom. 2009 kr 100 000,-
Løyving S&F Fylkeskom. 2010 kr 100 000,-
Løyving RA – 2011 kr 900 000,-
Løyving S&Fj Fylkeskomm kr. 100.000,-
Askvoll kommune – løyving 2010 kr 40 000,-
Askvoll kommune – støtte 2010 (mva) kr 161 043,-
Askvoll kommune – støtte 2011 (mva) kr. 268.226,-
SUM kr 3.451.589,-
Framlegg finansiering 2012
Askvoll kommune mva kr 500 000,-
Riksantikvaren kr 1 900 000,-
Sogn og Fjordane Fylkeskommune kr 100 000,-
SUM kr 2 500 000,-
Vi håpar at Riksantikvaren og Sogn og Fjordane Fylkeskommune vil vere med og sikre
framdrift og fullføring av restaureringsarbeidet.
Det aller beste ville vere å gjennomføre restaureringsarbeidet utan avbrot fram til ferdig båt.
For å klare dette er vi heilt avhengige av vidare økonomisk støtte frå dykk.
På bakgrunn av dette vil vi søkje om kr 2 000 000,- i støtte i 2012,
fordelt på kr 1 900 000,- i fartøyvernmidlar frå Riksantikvaren og
kr 100 000,- i støtte frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune.
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon eller diskusjon kring alternative løysingar når
det gjeld val motor

BARNEDAGEN.

Dagen er til minne om de uskyldige barn som kong Herodes lot drepe. I dag er det besøkelsesdag for barna. Barn skal få besøke og traktere hverandre på de voksne sin bekostning.. De kan også få løpe på isen med “iskegger”., som de har stor fornøyelse av. Om kvelden danser de i ring i gildestua (dette er trolig opphavet til våre tiders juletrefesttradisjoner). Merket på primstaven er ett lite kors eller ett sverd.

Værtegn: Været fjerdedag jul, blir sommerværet.

28 Desmber

Navnedag: Unn, Unni, Une

Julekonsert i kveld

Gå ikkje glipp av romjula sitt høgdepunkt i Stongfjorden.
Anna som vart nr. 2 i Island sin idol konkuranse skal synge for oss, og Håvard som er ein kløppar på strengeinstrument skal spele til.
Stefan skal og synge, og det gjer han med ei stemme som kan lyfte tak.
Kom og ta del i denne musikalske stunda i kapellet som startar Kl.19:00, og dei 200.- kronene dette kostar er vel brukte penger.

Medan vi ventar på godvær.

Er da trivnad å sjå på bilete frå november månad:

Minnedag for apostelen Johannes

Evangelisten Johannes i Bibelen var sønn av Sebedeus og Jakobs bror. Han var en av Jesu tolv apostler.
Ifølge bibelfortellingene var han en av de tre disiplene som stod Jesus nærmest, og det er sannsynligvis han som i Johannes-evangeliet kalles «den disippelen som Jesus hadde kjær».
Mange har regnet ham som forfatteren av Evangeliet etter Johannes og av Johannes’ åpenbaring, men begge deler er omdiskutert. På grunn av Johannesevangeliets understrekning av Kristi guddommelighet og hans forhold til Faderen, kalles evangelisten vanligvis Johannes Teologen i østlig tradisjon.
Han symboliseres i kunsten ofte som en ørn, eller i nærheten av en ørn. Dette er knyttet til at Johannes åpner sitt evangelium med en ørneflukt. Det vises også ofte til at Johannes ikke tar hensyn til detaljer, men er den av evangelistene som har sikt fra oven.
Kilde: Wikipedia

Merket på primstaven er en ørn (fiskeørn).
Værtegn: Det været vi har i dag skal vi få beholde i en måneds tid.

27 Desember

Navnedag: Narve, Natalie