Viser arkivet for desember, 2015

PRYDKIRSEBÆRTRE LANGS HOVUDVEGEN

Gåvestøtte til lokalsamfunnet i Stongfjorden?

Stongfjorden vel si sentrumsgruppe er aktiv. Sentrumsnemda har som formål å utvikle
fellesareala i sentrum og syte for at desse ser velstelte ut.

Prosjektet Prydkirsebær trerekke er eit prosjekt vi ynskjer å utvikle i løpet av 2016. Ei
forutsigbar budsjettramme og lokale ressurser er avgjerande for å kunne realisere eit slikt
prosjekt. Tiltaket beskrivast best på bilda. Vi har fått nødvendig løyve frå kommunen til
treplantinger på området her.

Eit tre kostar 1000 kr. Alle som sponsar eitt tre får firmanamn ( logo) ved treet.

Vi har planta 3 kirsebærtre i haust…

.. og til våren vert det fleire!

Slik skal det bli i framtida :)

Om nokon ynskjer å bidra med ei lita pengegåve er kontonummeret til Stongfjorden vel: 3740.61.15985

Kontaktperson for prosjektet er: Idun Losnegård / Grunde Stang

Romjulsfest 29.12 i Grendahuset

Hei alle saman. No er det klart at det er nok påmelde så det blir kalas i Grendahuset i romjula :-) Det er framleis ledig plass, så dei som framleis ikkje har bestemt seg, kan enno melde seg på. Ring gjerne til vener og kjende og få dei med til ein kjekk kveld med dans og drøs.
Send meld. til Liv på 99 43 44 63 eller skriv deg på lista som heng på butikken i Stongfjorden fram til 26.12
Helsing oss i styret

Juletrening i Grendahuset

23. desember kl. 18-19 blir det trening i Grendahuset i Stongfjorden! Eg (Silje) er utdanna instruktør i Friskis og Svettis. Det blir kondisjon- og styrketrening på ein effektiv time! Alle er hjerteleg velkommen til å ta siste treningsinnspurten før ribba, grauten og kakene skal inntakast :)

Adventskalendaren "Mountains in Askvoll"

I Facebook-adventskalendaren eg har laga over fjella i Askvoll, er eg 17. og 18. komen til Skylefjellet og Skålefjellet i Stongfjorden. Bildefilmane med musikk kan du sjå nedanfor.

Lys i mørketida

Nydeleg vintertur i går frå Vågane over Ytrevågefjellet, Toreheia, Yndestadhøgeheia og heim. Og heime på tunet dukka Sankta Lucia-englar opp for å møte meg. Ja, du skal berre sjå at det er meir mellom himmel og jord enn det vi anar….

Stongfjorden får prydbusk alle

Stongfjorden Vel med forretningsadresse Stongfjorden søkjer om støtte til:
1. kjøp og utplanting av ein allé med prydkirsebær i Stongfjorden, kr 1000 pr tre.
Omstilling har mottatt søknad om å bidra med kr 1000,- i støtte til innkjøp av eit av trea. Treet får ein plakett med namn på bidragsytarane. Det er planlagd innkjøp av fleire tre slik at ein får ein allé med prydkirsebærtre i Stongfjorden.
Vurdering:
Omstillingsmidlane skal bidra til å auke attraktivitet og styrke busetting i alle delar av Askvoll.
Tiltaket vert vurdert til å bidra til å auke attraktivitet i Stongfjorden.
Prosjektleiar løyver på bakgrunn av dette inntil kr 1000,- til tiltaket.

Julekonsert i Stongfj. Bedehuskapell

Mandagstrimmen i Grendahuset, Stongfjorden

Mandag den 14.desember kl 20.00 er vi så heldige at Silje Stafsnes Bøyum kjem og “trimmar” oss.
Silje er utlærd instruktør, ho har vore med oss tidlegare og har eit veldig bra opplegg. Kom og ver med.

Romjulsfest i Grendahuset tysdag 29.12

Tysdag 29.12 vert det romjulsfest i Grendahuset med enkel tapasmat og DJ-musikk. Dørene opnar kl. 19.30 og matserveringa er klar kl 20.00. Vi satsar på god mat, god drøs og mykje dans denne kvelden. Pris pr. person kr. 200,- Arr. er eit lukka lag med 18 års aldersgrense og bindande påmelding til Liv Stafsnes på mob.nr 99 43 44 63 innan 22.12. Hjelp oss gjerne med å spre det glade bodskap til vener og kjende. Styret ser fram til ein kjekk kveld i Grendahuset og håpar mange andre også har lyst å samlast til slik romjulsmoro. Evt. overskot av inntektene vil gå til drift av huset.

Winter on Middagsnipa

Eg sette i hop ein ny film med vinterbilder frå Middagsnipa. For den som ikkje er heilt trygg på kvar fjellet er, så går du opp frå Osland, over Vågeskardet, og opp over den bratte høgda. Eit stykke austover her i frå kjem du til Indrevågefjellet, og går du eit stykke til så finn du Middagsnipa (sjå vedlagde kart). Det er fin utsikt her opp. Fjellet er ganske greitt å gå på både sommar som vinter. God tur!

Kjekk kåring for Stongfjording

Gøran Standal (t.v.) og Espen Vasseth delte førsteplassen i tevlinga om å verte «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet i 2015. (Foto: EBA Vestenfjelske

Gøran Standal (24) frå Førde og Espen Vasseth (20) frå Stongfjorden er kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet.

Les her