Viser arkivet for mai, 2016

Ei sterk historie

Eg kom over denne sterke historia frå Smelvær rett før krigen. Ei historie som er vèl verdt å lese…

Nokre 17.mai løp

Som eit apropos til springe-bildet med dikt – her er nokre frå tidlegare år…

Les meir…

Dagens foto

Dagens foto frå 17.mai fortente nokre ord på LysandeStemningar:

Glade dagar

Dagen heidrar mang ein bror
jenter fostrar livet
Stunda helser gleder stor
barnemot i drivet

Nakne føter kattedyr
lyse dagar hentar
Sola sender eventyr
kjærleik stille ventar

Tekst og foto
G.Skaar

17. mai

Nokre bilder frå ei vellukka feiring og mykje folk samla 17. mai kan de sjå på bloggen min.

Her er bildefil frå tidlegare 17. mai feiringar som vart vist som filmframsyning

16. og 17.mai i Stongfjorden

Velkommen til 16. og 17. mai feiring i Stongfjorden !

Programmet for 17.mai ser de vedlagt her !

16.mai er det opent for konkurransar kaffi og kos frå 16- 19.

Dette blir to kjekke dagar ! Kven vinn luftgeværskytinga i år ?

Småbåtlaget: Dugnad

Det vert dugnad i hamna laurdag 14.mai KLokka 1000.

Oppgåver:

Sluttføring av båtopptrekket under leiing av Harald Stang og Knut L.
Skifte av defekt uteliggjar under leiing av Harald Skår
Førefallande vår-rydding i heile hamnebassenget, parkeringsplass og molo under leiing av hamnesjef Ray
Sjekk av eigne uteliggjarar og anna vedlikehald du ser behov for

Styret