Viser arkivet for juni, 2016

Dugnad i båthamna

Det vert dugnad for medlemmer i båtlaget laurdag 2.juli klokka 1000 i hamna. Sjå oversikt over arbeidsoppgåver på Båtlaget si origo-side eller oppslag i hamna.
Styret.

HEIMKOMST

Sjå jazzmusikaren Arve Henriksen helse veteranbåten M/S Stangfjord på snarleg gjesting i heimehamna! Min gode ven, den opphavlege herlendingen Jan Hindøy, har redigert saman nokre bilde og ein video med musikken på kaia. Ein vakker sommarkveld!

Sjå filmen HER

Frå Mountains in Askvoll

Her er eit panoramabilde teke med mobil frå Størdalsstauren som viser Stavenesodden og halvøya nord for Stongfjorden, heilt frå Vågeskaret i aust og til Staveneset i vest. Det er sikkert mange som ikkje har sett denne utsikta før.

Bildet syner elles busetnaden frå Stongfjorden t.h. og utover langs stranda til Yndestad, Haugane, Fauskevika, Mjåset og Underset. Fjella vi ser er frå venstre, og heilt ute på spissen av odden Furefjellet, Høgeheia, Blåfjellet, SKylefjellet, Yndestadhøgeheia, Toreheia og Ytrevågefjellet. På nordsida av halvøya ligg Stavfjorden og øyane ved Florø.

Det er fleire stadar å gå opp på desse toppane. Dei har alle nydeleg utsikt til havet og solnedgangen. Ein annan fellesnemnar er at du kjem fort over skoggrensa slik at du får lett oversikt over det opne terrenget. Du kan gå m.a. frå Holevika ytst ute, Yndestad (merka sti i Kystarven), Osland, Vågane eller Stavestranda på nordsida. Stiane er lette å følgje og godt merka. Og turen kan du i grunn gjere så lang du vil….‪#‎mountainsinaskvoll‬

Tekst og foto frå Facebook

I nærområdet

Bilder med kommentarar frå nydeleg tur i fjella på sørsida i går finn du her

Flott heimkome

Mykje folk var samla då M/S Stangfjord vart slept til kai i Stongfjorden i går. Referat kan du lese på Firda si heimeside (krev abonnement).

bloggen her kan du sjå mykje bilder frå det flotte arrangementet på kaia.

M/S Stangfjord kjem heim!

M/S STANGFJORD KJEM HEIMATT til Stongfjorden tysdag 14.juni (om værgudane vil). Kom og ver med på velkomsthøgtid på kommunekaia klokka 1800!

Følgjekonvoi inn fjorden frå Follevågneset kl 1700. Vi oppmodar flest mogeleg til å stille med både gamle og nye båtar – og gjerne pynta i festskrud.

Den internasjonalt kjende jazzmusikaren Arve Henriksen vil spele på lur og trompet.

Helsing og ”atterdåp” ved ordførar Frida Melvær.

Helsing og orientering om restaureringsarbeidet ved leiar og prosjektansvarleg i Veteranbåtlaget M/S Stangfjord; Lasse Yndestad og Ove Losnegård

Kystkulturelt innslag ved forfatter Rolf Losnegård.

Vi vonar også på litt stemningsskapande trekkspelmusikk og god drøs på kaia.

Enkel servering og kaffi, is til borna!

Alle er velkomne – store og små til ei spennande sommarkveldsstund i Stongfjorden!

Arrangementet er sponsa av Steinvik Fiskefarm og Stongfjorden Velforening.

Snodig veg

No om dagen er Stongsvatnet særs nedtappa. Og etter at eg kom springande ned igjen frå Osland i går, la eg merke til eit byggverk eg ikkje har sett før. Er denne vegen/byggverket før kraftutbygginga? Eller i høve kraftutbygginga? Nokon som sit på info her? Kunne vore interessant å vite….

Filmklubb

Hei, jeg starter en filmklubb for voksne, og en for barn/unge nå. Filmklubben vil vise filmer i losjehuset 1 gang i mnd fra 2017. Jan-April, og September-Desember. Program kommer i høst, men hvis du ønsker være medlem kan du allerede nå ta kontakt, johan.moen@gmail.com Snakkes etterhvert :-)

Dei gamle i Myrane

På vedlagde link til bloggen min er det eit lite samandrag av innslaget på 17.mai om dei gamle i Myrane. Det ligg òg gamle og nye bilder, og link til eit par dikt på LysandeStemningar.