Viser arkivet for juli, 2016

Stongfjorden Småbåtlag

Nye uteliggjarar – sjekk fortøyningane!

Ti nye uteliggjarar er no komen på plass siste veka. Dette gjeld plassane langs moloen mot elva og innerst i hamna mot parkeringsplassen/ved landgongen. Det var eit hardt og tungt arbeid, men dugnadsgjengen gjorde så godt dei kunne for å få alle fortøyningar tilbake på rett plass. Vi kan likevel ikkje garantere at dette vart heilt rett for alle plasser. Eigarane av båtplassane med nummer 25-36 bør derfor snarast sjekke sine fortøyningar og rette opp i eventuelle ombyttingar og samstundes solidarisk feste alle båtar forsvarleg. Styret takkar dei som bidrog til dette løftet og ønskjer alle medlemmane framleis god sommar!

Ny dugnad i båthamna tysdag 26.juli kl 1000

Fire av ti nye uteliggjarar må leggjast ut. Tungt arbeid, vi treng å vere mange! Ta med stor skiftenøkkel, skralle og arbeidshanskar. Velkommen!

Dugnad i båthamna torsdag 21.juli frå kl 1200

Denne gongen er det montering av ti nye uteliggjarar som vert hovudoppgåva. Ta med stor skiftenøkkel, ei hammarslegge og anna du vil ha bruk for. Vert vi mange, er det berre å halde fram med lista over oppgåver som er hengt opp.

Fin fisk i fjella

Frå Mountains in Askvoll i dag:

Som nemnt i eit tidlegare innlegg i vinter er det mykje flott fisk i vatna i Askvoll-fjella. Her er to foto frå fisketurar lørdag og søndag.

Fisken er relativt liten i mange vatn. I desse burde det ha vore fiska mykje meir. Men for å skape interesse blant ungar, og elles få noko i steikepanna, er dei aller fleste vatna fullt brukande. For ungar er det ikkje storleiken på fisken som betyr noko, men heller viktigheita av at det nappar i snøret. Tek du med ungane på ein overnattingstur i telt i fjellet med innlagt fisking, er dette garantert noko som sit att i sinnet til ungane når dei blir vaksne. Dette skaper òg interesse for friluftsliv og naturverdiar. God tur!

Sommarnatt

Sommarnatt

Morgonbrisen mot meg strøymer
Gledestårer varm og ny
Elskhugsdraumar hjarta fløymer
Himmelelden raud i sky

Spissrotgangar har eg vandra
Dommedagar kaldt i regn
Elskhugsvarmt i hand med Sandra
Stjerneklårt i tyrens tegn

Morgondogg på nakne føter
Bjørkelia angar søtt
Spegelfriske grøne møter
Armodskvalar stilnar dødt

Sommarnatta er mi gåve
Blomevener gleder når
Hjartetårer atter sove
Andeleg i himlen klår

Tekst og foto
G.Skaar

Frå LysandeStemningar
med ynskje om ein God Sommar !