Småbåtlaget: Dugnad

Det vert dugnad i hamna laurdag 14.mai KLokka 1000.

Oppgåver:

Sluttføring av båtopptrekket under leiing av Harald Stang og Knut L.
Skifte av defekt uteliggjar under leiing av Harald Skår
Førefallande vår-rydding i heile hamnebassenget, parkeringsplass og molo under leiing av hamnesjef Ray
Sjekk av eigne uteliggjarar og anna vedlikehald du ser behov for

Styret

Flunkande ny benk på Lindhammaren

Takk til Wilken Yndestad som har laga, transportert og sett opp ny benk ved solsidevegen på Lindhammaren. Takkar også grunneigar, Arnljot Berge Stang som stilte seg positiv til tiltaket.

Naturen kan vere nådelaus

Her har det mest truleg sakt knekk og så har nakken gått av, for det var ikkje tegn til at bukken hadde prøvd å komme seg på beina etter at han hadde knekt treet under forsøk på felling av geviret.
No vert det reveåte.

Saknar du ein Nokia?

Overkjørt Nokia funnen ved 609 like ovafor Stongfjorden. Attmed ein kvisthaug ved avkjøring til Nordbakken, siste hus retning Førde. Telefonen har ringt, men det var uråd å svare. Ta kontakt m Ole 90864778.
Ole Alvsvåg’s photo.

Basar i Grendahuset

Stongfjorden Vel arrangerer basar i Grendahuset Palmesøndag kl 17.00

Masse kjekke premiar og gode kaker og DU er sjølvsagt Velkommen.

Styret !

Årsmøte i Småbåtlaget

Møtet vert i Grendahuset mandag 21.mars klokka 1800.

1. Velkomen
2. Val av ordstyrar
3. Godkjenning av innkallinga
4. Val av referent og underskrivarar av protokollen
5. Årsmelding
6. Rekneskap for 2015
7. Endring av signaturrett
8. Erfaringar med eigarmodellen
9. Medlemskap i Båtforbundet?
10. Forsikring av hamneanlegget?
11. Budsjett inklusive satsar for dugnadstimar, kontingent og hamneleige
12. Val

Båt bygging i Stongfjorden

Klipp frå Firda folkeblad 1948

Her var det båtbyggeri

Ein av dei siste som vart bygd i Stongfjorden i var "Kvanskjær " i 1950, den var 50 fot.

Hjortejakta er ute av kontroll

Bonden slaktar ikkje kua som skal ha kalv, men det er jegarane i ferd med å gjere.

Tilskudd til fartøyvern 2016

M/S Stangfjord får tildelt Kr. 4 136 525.-
Dei andre tildelingane for Sogn og Fjordane kan lesast HER

Gudsteneste i Stongfjorden

Søndag 6. mars kl. 19.00 i Stongfjorden bedehuskapell ved Stein Hugo Fykse.
Offer til Stongfjorden bedehuskapell.

Kilde: Greta Holmar

Velkommen til årsmøte i Stongfjorden Vel

Søndag 6. mars kl. 20.00 i grendahuset!

Saksliste:

 sak 1: godkjenning av innkalling

 sak 2: konstituering av årsmøte

 sak 3: årsmelding 2015

 sak 4: rekneskap

 sak 5: arbeidsplan for 2016

 sak 6: tilkomne saker. Må vere styret i hende seinast mandag 29.feb

 sak 7: val

Mhv styret

Endra dato for årsmøtet i Småbåtlaget

Årsmøtet vert utsett til Mandag 21.mars klokka 1800 i Grendahuset.
Styret

Hjorten er på vinterferie i Stongfjorden

Kolla som vart observert i Mars 2014 i Gjerdemarkja med halsklave og merkje i øyra har fått kalv.
Sist eg såg den hadde den ikkje kalv, sjå HER
Kolla er i ca 9 år ettersom den vart merka som kolle i 2007.
Erling Meisingset sa i 2014 at kolla vart utstyrt med «Store-on-board» halsbånd, dvs at vi må ha tak i halsbåndet før vi kan laste ned posisjonene. I klartekst betyr den at vi må vente til den blir skutt før vi får opplysning om kvar kolla har vandra etter at den vart merka.
No lyt vi vente til høsten med å få svar på dette, skitt jakt.

17 mai komite` 2016. Møte 29/2 kl 1945 Grendahuset.

Komité 2016.
Kjersti Sande Tveit
Terje Ølnes
Heidi Ølnes
Kate Yndestad
Hans Yndestad
Sissel Hestad Vie
Magnar Vie
Inger Bjånes
Janne Olset Øvrebø
Ray Dalton
Tor Vidar Osland
Hallvard Stafsnes
Ingebjørg Stafsnes
Inge Andre Frøholm
Gro Eikebø Stang
Arnljot Berge Stang
Nina Fredriksen
Sindre Alsaker

Årsmøte i Småbåtlaget

Styret minner om årsmøte i laget fredag 11.mars klokka 1800 i Grendahuset. Saksliste vert lagd ut på laget si eiga origo-side seinare.

Litastaua er til salgs

Hytte til salgs
Maklar: Sparebanken Sogn og Fjordane avd. Førde ved Camilla Kaland Olset

PRYDKIRSEBÆRTRE LANGS HOVUDVEGEN

Gåvestøtte til lokalsamfunnet i Stongfjorden?

Stongfjorden vel si sentrumsgruppe er aktiv. Sentrumsnemda har som formål å utvikle
fellesareala i sentrum og syte for at desse ser velstelte ut.

Prosjektet Prydkirsebær trerekke er eit prosjekt vi ynskjer å utvikle i løpet av 2016. Ei
forutsigbar budsjettramme og lokale ressurser er avgjerande for å kunne realisere eit slikt
prosjekt. Tiltaket beskrivast best på bilda. Vi har fått nødvendig løyve frå kommunen til
treplantinger på området her.

Eit tre kostar 1000 kr. Alle som sponsar eitt tre får firmanamn ( logo) ved treet.

Vi har planta 3 kirsebærtre i haust…

.. og til våren vert det fleire!

Slik skal det bli i framtida :)

Om nokon ynskjer å bidra med ei lita pengegåve er kontonummeret til Stongfjorden vel: 3740.61.15985

Kontaktperson for prosjektet er: Idun Losnegård / Grunde Stang

Romjulsfest 29.12 i Grendahuset

Hei alle saman. No er det klart at det er nok påmelde så det blir kalas i Grendahuset i romjula :-) Det er framleis ledig plass, så dei som framleis ikkje har bestemt seg, kan enno melde seg på. Ring gjerne til vener og kjende og få dei med til ein kjekk kveld med dans og drøs.
Send meld. til Liv på 99 43 44 63 eller skriv deg på lista som heng på butikken i Stongfjorden fram til 26.12
Helsing oss i styret

Juletrening i Grendahuset

23. desember kl. 18-19 blir det trening i Grendahuset i Stongfjorden! Eg (Silje) er utdanna instruktør i Friskis og Svettis. Det blir kondisjon- og styrketrening på ein effektiv time! Alle er hjerteleg velkommen til å ta siste treningsinnspurten før ribba, grauten og kakene skal inntakast :)

Adventskalendaren "Mountains in Askvoll"

I Facebook-adventskalendaren eg har laga over fjella i Askvoll, er eg 17. og 18. komen til Skylefjellet og Skålefjellet i Stongfjorden. Bildefilmane med musikk kan du sjå nedanfor.

Lys i mørketida

Nydeleg vintertur i går frå Vågane over Ytrevågefjellet, Toreheia, Yndestadhøgeheia og heim. Og heime på tunet dukka Sankta Lucia-englar opp for å møte meg. Ja, du skal berre sjå at det er meir mellom himmel og jord enn det vi anar….

Stongfjorden får prydbusk alle

Stongfjorden Vel med forretningsadresse Stongfjorden søkjer om støtte til:
1. kjøp og utplanting av ein allé med prydkirsebær i Stongfjorden, kr 1000 pr tre.
Omstilling har mottatt søknad om å bidra med kr 1000,- i støtte til innkjøp av eit av trea. Treet får ein plakett med namn på bidragsytarane. Det er planlagd innkjøp av fleire tre slik at ein får ein allé med prydkirsebærtre i Stongfjorden.
Vurdering:
Omstillingsmidlane skal bidra til å auke attraktivitet og styrke busetting i alle delar av Askvoll.
Tiltaket vert vurdert til å bidra til å auke attraktivitet i Stongfjorden.
Prosjektleiar løyver på bakgrunn av dette inntil kr 1000,- til tiltaket.

Julekonsert i Stongfj. Bedehuskapell