Viser arkivet for stikkord blegja

Haustbilete_1

To tøffe karar i solnedgang på Teigane

Etter endeleg å ha fått nokre fine haustdagar, legg eg inn eit lite utval haustbilete frå sist veke. Alle offentlege bilete finn du på min profil på Picasa her. Nokre ord om turane mine her.

Video Blegja 13/10 her. (Hugs lyd og høgste kvalitet),

Bileta er tekne heime på Yndestad, Stongfjorden, Staveneset, Indrevågefjellet og Blegja. Eg legg dei inn utan tekst, sidan dei i grunn er sjølvforklarande. Men tek gjerne mot kommentarar dersom ein treng utfyllande opplysningar.

Les meir…

Gull på Moldura

Alle foto G.Skaar

Nokre foto frå ei flott helg. Moldura om kvelden 11.11, og Blegja og Høgefjellet 12.11.

Det er nesten rart å samanlikne bilda frå fjellet på denne tid i fjor med i år. Frå djup snø og kulde til milde og snøfrie dagar. Og om ein god månad snur sola…






Les meir…

Spørsmål til geologen "vår"

Stein er interessant. Eg synest det blir meir og meir kjekt å vite litt om stein. Sjølvsagt for at eg går mykje på stein i fjellet. Og landet er jo stort sett stein…

No kan ein ikkje ta alle slike spørsmål her. Og vi har jo Sunnfjord Geosenter og geologen vår Einar A. i bygda som arrangerer steinsamlingar. Men eit lite agn.

Vi har tidlegare snakka litt om faldane ved Eitrenipa. Interessant. Og no berre eit kort spørsmål om vedlagde bilde frå Blegja (Einar kan sikkert halde eit heilt føredrag om det…) Men eg har ofte stussa på kva som er årsaka til den lange skåra som går frå midten av bildet heilt nede og mot midten i venstre kant. Den er fleire hundre meter lang. Det er vel ikkje vatn som har laga denne? Bildet er ikkje heilt topp lysmessig og var teke på lørdag 24/7, heile serien her. For ordens skuld ser vi Storehesten og Litlehesten i Gaular i bakgrunnen.

Hvis det er synspunkt på dette så skriv i veg…