Viser arkivet for stikkord bygda

Stongfjorden eller Stangfjorden

Det har gått eit lite ordskifte under ei av lekkjene her på sona om bygda burde gå tilbake til det gamla namnet “Stangfjorden”, eller rett og slett halde fram med dagens namn. No har ikkje dette vore noko meir alvorleg enn små meininsgbrytingar mellom nokre få personar, har eg registrert. Det er heller ikkje ei problemstilling som skal opp til drøfting i offentlege organ..
Men når alt kjem til alt er det jo likevel ei interessant sak – som også kan gje oss lærdom om bygdenamnet og kveikje eit engasjement.
Det som er klart er at bygda for nokre tiår sidan heitte Stangfjorden, men at den på eitt eller anna tidspunkt vart “omdøypt” til Stongfjorden.
Difor spør eg:
1. Kva tid skjedde denne namneendringa?
2. Kva var grunnen til endringa?
3. Er det noko som skulle tilseie at vi burde gå tilbake til “originalnamnet”; dersom “Stangfjorden” kan kallast originalnamnet då?
4. Burde ein så så fall gå endå lenger attende, til då bygda heitte “Stavanger” og “Stafangr”?
5. Kva er opphavet/bakgrunnen til namnet Sto(a)ngfjorden?
Eg berre spør, og håpar sjølvsagt på eit informativt og konstruktivt ordskifte..