Viser arkivet for stikkord dikt

Solreisa

Les meir…

Norske-hesten.

ALDEN.

Som en bjørn,ligg du der å sover.
I sitt lune og vinter-kjære hi.
Og so når kviletida er over.
Vaknar du oppat med nylada energi.
2.
Når so vårsola blenkjer i bakkjen.
Tar du grøn-drakta di på.
Ristar so av deg vinter-stakkjen.
Vakker er du, mot himmelen blå.
3.
Du kneisar so stolt med ditt hove.
Mot horisonten der i vest.
Skautet kring panna, har værguden vove.
Der du ligg vakker, pynta til fest.
4.
Av og te’. bryt båra ganske so har(d)t.
På ditt omkring-liggande hav.
Det har no mang ein fiskar erfart.
For nokon har det blitt deira grav.
5.
Du er eit strålande landamerkje.
For båtfolk langt ut på bølgja blå.
Mot deg kan dei kursen strekje.
So heim imot land dei kan nå.
6.
Når eg sit der og fiskar i prammen.
Med von om matauke og få.
Og ser sola sig bakom Aldenkammen.
Et venare syn er ikkje til og sjå.
7.
Vi hedrar deg, søster som bror.
Um det er i sorg eller glede.
Norske-hesten, som ligg der enorm og stor.
Vi er takksam for du er til stede.