Viser arkivet for stikkord hjartet

Kjempeflott start for Stongfjord-sona

Berre på nokre timar er Stongfjord-sona blitt ein spennande stad både tekst- og bildemessig. Arild og Gustav har starta ballet på ein fabelaktig måte, og no gjeld det at også andre i og frå fjorden hiv seg på med same liv og lyst. Det er viktig at sona blir brukt til å fortelje folk om kva som har skjedd, skjer og skal skje i Stongfjorden – både gjennom tekst og bilde. Eg får seie som eit parti sa ein gong: ALLE SKAL MED!!!
Det er også bra om de legg inn arrangement på kalendaren. Då vil alle kunne få vite om arrangement i god tid og kunne legge dei inn i planane sine. Kartet er også bra, då det kan fortelje kvar ting skal skje. Ikkje minst er kartet bra dersom det er snakk om fjellturar (Gustav); ikkje alle veit kvar t.d. Moldurda, Svedalen eller Toreheia er i verda.. Kart kan jo også koplast til bilde av stadane. Her er altså mange mulegheiter for “Stongfjordens fremme”.
Sona for Stongfjorden kan vere bra både som reklameplakat for bygda, men også som nyheitsformidlar. Legg difor inn små og større hendingar så kjapt som råd er. Slike ting kan godt bli fanga opp av både Firda og andre og større aviser, ja, til og med TV2, som Firda har godt samarbeid med – ikkje minst på bilde/videosida. Skjer det noko, så nøl altså ikkje med å legge ut verken tekst, bilde eller filmsnuttar på sona (bruk om nødvendig bilde/video tatt med mobiltelefonen)!!
Som sagt er eg veldig glad for at sona på så kort tid er blitt ein spennande arena, og eg ser fram til mange fleire bidrag både frå Arild, Gustav og alle andre med hjartet på rette staden – Stongfjorden.. Snakkast!