Viser arkivet for stikkord hjort

Hjorten er på vinterferie i Stongfjorden

Kolla som vart observert i Mars 2014 i Gjerdemarkja med halsklave og merkje i øyra har fått kalv.
Sist eg såg den hadde den ikkje kalv, sjå HER
Kolla er i ca 9 år ettersom den vart merka som kolle i 2007.
Erling Meisingset sa i 2014 at kolla vart utstyrt med «Store-on-board» halsbånd, dvs at vi må ha tak i halsbåndet før vi kan laste ned posisjonene. I klartekst betyr den at vi må vente til den blir skutt før vi får opplysning om kvar kolla har vandra etter at den vart merka.
No lyt vi vente til høsten med å få svar på dette, skitt jakt.

Hjortejegerne med Hjortejegerne

Fredag 4.desember kjem forfatteren av boken “Hjortejegerne” Egil Danielsen, i lag med fleire av bidragsyterne i boka, til temakveld om hjortejakt i Dale. Sett av kvelden og ta turen til Dale og baren på Transplant for ein drøs med nokon av landets beste hjortejegere. Meir info om opplegget kjem snart.

Den gode hjortehistoria

Hjortejakta er godt i gang, og det er sikkert skote ein masse hjort i og rundt Stongfjorden. Det hadde vore kjekt om jaktlaga hadde skrive litt på sona om kva dei har lagt ned og korleis jakta har vore; t.d. om det er mange dyr, dårleg vêr, lite bukkar, store kalvar, dårlege skyttarar – eller gode skyttarar men dårlege jagarar…
Gode jakthistoriet hadde også vore kjekt å få presentert.
Og, har ettersøkshundane hatt noko å gjere så langt?
Oppskrifta på den beste hjortegryta og korleis ein kan nyttegjere seg av dei ulike ytre og indre delane på hjorten, t.d. hjartet, hadde også vore moro å få vite noko om…og, er det mykje kantarellar i marka – i så fall: Kor henne???