Viser arkivet for stikkord jul

Internasjonal Bakedag !

Biletserie med 8 bilete — bla med å trykkje på pilene

I går 1 desember hadde vi bakedag heime hos meg ! Veldig kjekt og lærerikt for oss alle. I Polen og i Hellas har dei ikkje tradisjon for småkaker så dermed var det ekstra kjekt å bidra med litt innføring i norske tradisjonar.No har vi 7 slag (eg har 10) og det er fantastisk å være ferdig med baksten 1 desember. Og så var det fantastisk kjekt å gjere det ilag med andre !

Om kvelden kom Rolf for å lage sylteflesk, han hadde gløymt korleis han gjorde det på fagskulen ! 3 brødformer vart det, og vi gler oss til å teste det i ettermiddag !

Heim til Jol

Til mi store glede kan eg melde om at det no er fire dagar att til den store dagen då eg puttar familien i bilen og set kursen mot vest. Det skal bli Jol i Sunnfjord i år. I følge verutsiktene kan det tyde på at vi vil møte ei bygd i skikkelig vinterdrakt. Betre kan det ikkje bli.
Håper det blir mange andre bortkomne søner og døtre som vender heim, slik at det blir ekstra folksomt i bygden i den fagre joletid. Tar for gitt at alle fastbuande blir verande, slik at dagen går og vel så det når ein berre skal på butikken for å kjøpe seg ein boks med snus. (Og at ein kanskje må innatt for å kjøpe ny ladning like før stengetid.)
Så formaninga: Vi ønsker ikkje noko stort oppstuss omkring vårt besøk denne gongen. La det gå roleg føre seg. Med Obamas Oslo-besøk friskt i minne, har eg komme til at det kan bli for mykje av det gode av festivitas og sperringar. Stabbesteinane utanfor butikken får vere godt nok. Men ein ting håpar eg på: Eit durabeleg julekalas ein eller annan stad. Om ikkje anna så i Askvoll 2. juledag. Og det treng ikkje vere til ære for meg eingong.. (Berre litt, kanskje..)
God jul til alle!