Viser arkivet for stikkord kalv

Hjorten er på vinterferie i Stongfjorden

Kolla som vart observert i Mars 2014 i Gjerdemarkja med halsklave og merkje i øyra har fått kalv.
Sist eg såg den hadde den ikkje kalv, sjå HER
Kolla er i ca 9 år ettersom den vart merka som kolle i 2007.
Erling Meisingset sa i 2014 at kolla vart utstyrt med «Store-on-board» halsbånd, dvs at vi må ha tak i halsbåndet før vi kan laste ned posisjonene. I klartekst betyr den at vi må vente til den blir skutt før vi får opplysning om kvar kolla har vandra etter at den vart merka.
No lyt vi vente til høsten med å få svar på dette, skitt jakt.