Viser arkivet for stikkord kantarellar

Den gode hjortehistoria

Hjortejakta er godt i gang, og det er sikkert skote ein masse hjort i og rundt Stongfjorden. Det hadde vore kjekt om jaktlaga hadde skrive litt på sona om kva dei har lagt ned og korleis jakta har vore; t.d. om det er mange dyr, dårleg vêr, lite bukkar, store kalvar, dårlege skyttarar – eller gode skyttarar men dårlege jagarar…
Gode jakthistoriet hadde også vore kjekt å få presentert.
Og, har ettersøkshundane hatt noko å gjere så langt?
Oppskrifta på den beste hjortegryta og korleis ein kan nyttegjere seg av dei ulike ytre og indre delane på hjorten, t.d. hjartet, hadde også vore moro å få vite noko om…og, er det mykje kantarellar i marka – i så fall: Kor henne???