Viser arkivet for stikkord kystkultur

Vil du vere med på å skipe kystlag som kan ta vare på MS Stangfjord?

Hei!

“*Likar du kyst-, sjø- og båtliv? Er du glad i båtar, naust og sjøhus? Set du pris på ramsalt humor, kystmat og kysttradisjonar? Bur du på kysten?*

Vi er nokre som i lengre tid har hatt tankar om å starte kystlag (sjå www.kysten.no). Vi ser at her er mange gode, hyggjelege og sosiale prosjekt å ta fatt i, og at regionen (Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular) har mykje kystkultur som treng omsorg og stell. Og vi ynskjer å samle interesserte rundt gode og spennande fellestiltak.

Eitt av prosjekta som er aktuelle, er passasjerbåten MS Stangfjord. Den er under restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter no og kjem vonleg heim i 2013 eller 14. For å ta vare på og drive den treng vi eit kystlag!

Eller kanskje skulle kystlaget engasjere seg i å ta vare på Geita fyr? Det freda fyret i Buefjorden treng omsorg og stell, men er også ein fantastisk stad å vere – ikkje minst saman med gode vener!

Bakkejekta og jektenaustet i Holmedal har samla mange gjennom mange år til hyggjeleg dugnad og festleg lag. Vi trur at dette miljøet vil gli inn i eit kystlag som kan vere paraply for kystkulturaktivitetar i Ytre Sogn og Sunnfjord.

Dette var nokre få døme på aktuelle prosjekt. Det finst mange fleire.

Vil du vere med?

Vi tek sikte på å ha skipingsmøte i byrjinga av mars og kjem tilbake med tid og stad.

Eg blir veldig glad om du gjev meg ei tilbakemelding på dette!

Beste helsing

Ove Losnegård
6963 Dale i Sunnfjord
post@ovelos.no 97 07 91 39