Viser arkivet for stikkord kystveidalsfjordbruaskvollstongfjordenrivedaloslandturismefiske

Kystvegen Bergen-Ålesund

For dei som er innteressert kan det være informasjon å hente i Handlingsprogrammet for fylkesvegnettet 2010-2013 som ligg HER

Dette kan verte ei utfordring for Askvollhalvøya, men for Stongfjorden er dette ei god løysing då vegen er planlagt (som kartet viser side 8) frå Rivedal med tunnel til Osland i samband med presentasjon av Dalsfjordsambandet.

Det vert då kort veg både sørover og nordover til større arbeidsmarked, så vi kan sjå for oss ei oppblomstring og eit byggefelt med nye unge folk som kan jobbe både her og der.

Vi kan og kvitte oss med den rasutsette Eidsfjordvegen frå Størdal til Nordeide med dei fordelane dette innebær for helsa til besteforeldre,foreldre og born som brukar denne vegen både til arbeid og skule.