Viser arkivet for stikkord skule

Skulen

Skulen har alltid hatt ein viktig plass i bygda. Eg har lagt ut to klassebilete i mappa “Skulen” frå åra 1980 og 1982, begge frå 1.-3. klasse. Skulen var 2-delt, der 1.-3. klasse, og 4.-6. klasse, var samla i same klasserom. Dette førte til at ein som 4.-klassing kunne oppleve å ta 6.-klassepensumet – og omvendt. Men vi hadde gode lærarar som takla utfordringa kjempefint, Solfrid gjorde undervisninga lettfatteleg og spennande. Spesielt har eg fått eit nært forhold til engelske sterke verb og norsk grammatikk :-) Kanskje det er fleire som har gode minne og bilete frå skuletida si?