Viser arkivet for stikkord sport

Det vårast i fjellet...

Morgonsol på Gjelsvikefjellet litt etter kl 08 i dag tidleg. Det er snøfritt på toppen no. Vi ser i sør Eitrenipa t.v. og Fossedalshengenipa .

Bilder frå Gjelsvikefjellet og Middagsnipa i dag 3/4. Snøen fekk verkeleg føter å gå på i fjellet denne helga…

Les meir…

Spørsmål til geologen "vår"

Stein er interessant. Eg synest det blir meir og meir kjekt å vite litt om stein. Sjølvsagt for at eg går mykje på stein i fjellet. Og landet er jo stort sett stein…

No kan ein ikkje ta alle slike spørsmål her. Og vi har jo Sunnfjord Geosenter og geologen vår Einar A. i bygda som arrangerer steinsamlingar. Men eit lite agn.

Vi har tidlegare snakka litt om faldane ved Eitrenipa. Interessant. Og no berre eit kort spørsmål om vedlagde bilde frå Blegja (Einar kan sikkert halde eit heilt føredrag om det…) Men eg har ofte stussa på kva som er årsaka til den lange skåra som går frå midten av bildet heilt nede og mot midten i venstre kant. Den er fleire hundre meter lang. Det er vel ikkje vatn som har laga denne? Bildet er ikkje heilt topp lysmessig og var teke på lørdag 24/7, heile serien her. For ordens skuld ser vi Storehesten og Litlehesten i Gaular i bakgrunnen.

Hvis det er synspunkt på dette så skriv i veg…

Nydeleg 8.mai tur

Du kan lese og sjå snutt og bilder frå ein fantastisk vårtur frå Førdefjorden til Blegja og Dalsfjorden i dag på bloggen min. God fornøyelse!