Viser arkivet for stikkord stangfjord

Årsmøte i Veteranbåtlaget M/S Stangfjord

Søndag den 28.04 klokka 1700 blir det årsmøte i Veteranbåtlaget.

Møtet finnar stad i Grendahuset i Stongfjorden.

Medlem eller ikkje ? Du er uansett velkommen, men berre medlamar har stemmerett. Du kan melde
deg inn som medlem i starten av møtet.

Årsmøte i Veteranbåtlaget M/S Stangfjord

Innkalling:

Det blir med dette kalla inn til årsmøte i Veteranbåtlaget søndag 28.04.13. i Stongfjorden Grendehus.

Sakliste:

1; Val av møteleiar
2; Val av sekretær og to til å signere protokollen
3; Registrere talet på stemmer som er til stades
4; Godkjenning av innkallinga
5; Årsmelding
6; Økonomi
7; Val

Eventuelt innkomne saker.

For styret

Gro Eikebø Stang

Vel møtt.

Vil du vere med på å skipe kystlag som kan ta vare på MS Stangfjord?

Hei!

“*Likar du kyst-, sjø- og båtliv? Er du glad i båtar, naust og sjøhus? Set du pris på ramsalt humor, kystmat og kysttradisjonar? Bur du på kysten?*

Vi er nokre som i lengre tid har hatt tankar om å starte kystlag (sjå www.kysten.no). Vi ser at her er mange gode, hyggjelege og sosiale prosjekt å ta fatt i, og at regionen (Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular) har mykje kystkultur som treng omsorg og stell. Og vi ynskjer å samle interesserte rundt gode og spennande fellestiltak.

Eitt av prosjekta som er aktuelle, er passasjerbåten MS Stangfjord. Den er under restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter no og kjem vonleg heim i 2013 eller 14. For å ta vare på og drive den treng vi eit kystlag!

Eller kanskje skulle kystlaget engasjere seg i å ta vare på Geita fyr? Det freda fyret i Buefjorden treng omsorg og stell, men er også ein fantastisk stad å vere – ikkje minst saman med gode vener!

Bakkejekta og jektenaustet i Holmedal har samla mange gjennom mange år til hyggjeleg dugnad og festleg lag. Vi trur at dette miljøet vil gli inn i eit kystlag som kan vere paraply for kystkulturaktivitetar i Ytre Sogn og Sunnfjord.

Dette var nokre få døme på aktuelle prosjekt. Det finst mange fleire.

Vil du vere med?

Vi tek sikte på å ha skipingsmøte i byrjinga av mars og kjem tilbake med tid og stad.

Eg blir veldig glad om du gjev meg ei tilbakemelding på dette!

Beste helsing

Ove Losnegård
6963 Dale i Sunnfjord
post@ovelos.no 97 07 91 39

Dalsfjordbrua

Viser til fylgjande avisutklipp frå FIRDA:
“Starten på arbeidet med brua blir i 2009, og om alt går etter planen og Stortinget går med på regjeringa sitt framlegg, kan den første bilen køyre over brua i 2012.”
No fekk vi på årsmøtet til Stongfjorden Vel sist lørdag fortalt at M/S “Stangfjord” vil vere ferdig restaurert i 2011-2012. Og kva ville vel då vere meir naturleg enn å plassere statsråd Liv Signe Navarsete og fylkesordførar Nils R. Sandal (om dei får attval), saman med ordførarane i Askvoll og Fjaler, ombord i MS “Stangfjord” medan båten køyre under brua som ei symbolsk handling under opninga? Dette også som eit teikn på at no var siste båten (ferja) brukt på strekninga.
Begge prosjekta er statleg finansiert og prioritert av fylke.

Dalsfjordbrua