Nye bilder

Slutt for origo.no

Frå 31.10 er det slutt for origo.no.

Det vert ikkje lenger mogeleg å skrive eller redigere, men det vert mogeleg å hente ut innhald.

sosialt samvær på onsdager

Heisann, eg har eit ønske om at onsdager fra kl 17-19 så kan vi la ungane herje ilag i grendahuset, og vi voksne kan prate og prallje. Fleire som er enig i det ?

Har du sett / funne ?

Vinden tok plastbusken min i natt/dag.Vist du har funne den blir jeg glad vist du gir meg en lyd,vil veldig gjerne ha den tilbake :)

Historisk møte på puben

Den 23 August Kl.18:00 vil Liz Green som er datter til John Turner og barnebarn til Maurice Turner som var sjef for aluminiumsfabrikk være på plass i puben for å snakke med bygdefolket. Møt opp alle som kan.
Les om historia HER

Stongfjorden Småbåtlag

Nye uteliggjarar – sjekk fortøyningane!

Ti nye uteliggjarar er no komen på plass siste veka. Dette gjeld plassane langs moloen mot elva og innerst i hamna mot parkeringsplassen/ved landgongen. Det var eit hardt og tungt arbeid, men dugnadsgjengen gjorde så godt dei kunne for å få alle fortøyningar tilbake på rett plass. Vi kan likevel ikkje garantere at dette vart heilt rett for alle plasser. Eigarane av båtplassane med nummer 25-36 bør derfor snarast sjekke sine fortøyningar og rette opp i eventuelle ombyttingar og samstundes solidarisk feste alle båtar forsvarleg. Styret takkar dei som bidrog til dette løftet og ønskjer alle medlemmane framleis god sommar!

Ny dugnad i båthamna tysdag 26.juli kl 1000

Fire av ti nye uteliggjarar må leggjast ut. Tungt arbeid, vi treng å vere mange! Ta med stor skiftenøkkel, skralle og arbeidshanskar. Velkommen!

Dugnad i båthamna torsdag 21.juli frå kl 1200

Denne gongen er det montering av ti nye uteliggjarar som vert hovudoppgåva. Ta med stor skiftenøkkel, ei hammarslegge og anna du vil ha bruk for. Vert vi mange, er det berre å halde fram med lista over oppgåver som er hengt opp.

Fin fisk i fjella

Frå Mountains in Askvoll i dag:

Som nemnt i eit tidlegare innlegg i vinter er det mykje flott fisk i vatna i Askvoll-fjella. Her er to foto frå fisketurar lørdag og søndag.

Fisken er relativt liten i mange vatn. I desse burde det ha vore fiska mykje meir. Men for å skape interesse blant ungar, og elles få noko i steikepanna, er dei aller fleste vatna fullt brukande. For ungar er det ikkje storleiken på fisken som betyr noko, men heller viktigheita av at det nappar i snøret. Tek du med ungane på ein overnattingstur i telt i fjellet med innlagt fisking, er dette garantert noko som sit att i sinnet til ungane når dei blir vaksne. Dette skaper òg interesse for friluftsliv og naturverdiar. God tur!

Sommarnatt

Sommarnatt

Morgonbrisen mot meg strøymer
Gledestårer varm og ny
Elskhugsdraumar hjarta fløymer
Himmelelden raud i sky

Spissrotgangar har eg vandra
Dommedagar kaldt i regn
Elskhugsvarmt i hand med Sandra
Stjerneklårt i tyrens tegn

Morgondogg på nakne føter
Bjørkelia angar søtt
Spegelfriske grøne møter
Armodskvalar stilnar dødt

Sommarnatta er mi gåve
Blomevener gleder når
Hjartetårer atter sove
Andeleg i himlen klår

Tekst og foto
G.Skaar

Frå LysandeStemningar
med ynskje om ein God Sommar !

Dugnad i båthamna

Det vert dugnad for medlemmer i båtlaget laurdag 2.juli klokka 1000 i hamna. Sjå oversikt over arbeidsoppgåver på Båtlaget si origo-side eller oppslag i hamna.
Styret.

HEIMKOMST

Sjå jazzmusikaren Arve Henriksen helse veteranbåten M/S Stangfjord på snarleg gjesting i heimehamna! Min gode ven, den opphavlege herlendingen Jan Hindøy, har redigert saman nokre bilde og ein video med musikken på kaia. Ein vakker sommarkveld!

Sjå filmen HER

Frå Mountains in Askvoll

Her er eit panoramabilde teke med mobil frå Størdalsstauren som viser Stavenesodden og halvøya nord for Stongfjorden, heilt frå Vågeskaret i aust og til Staveneset i vest. Det er sikkert mange som ikkje har sett denne utsikta før.

Bildet syner elles busetnaden frå Stongfjorden t.h. og utover langs stranda til Yndestad, Haugane, Fauskevika, Mjåset og Underset. Fjella vi ser er frå venstre, og heilt ute på spissen av odden Furefjellet, Høgeheia, Blåfjellet, SKylefjellet, Yndestadhøgeheia, Toreheia og Ytrevågefjellet. På nordsida av halvøya ligg Stavfjorden og øyane ved Florø.

I nærområdet

Bilder med kommentarar frå nydeleg tur i fjella på sørsida i går finn du her

Flott heimkome

Mykje folk var samla då M/S Stangfjord vart slept til kai i Stongfjorden i går. Referat kan du lese på Firda si heimeside (krev abonnement).

bloggen her kan du sjå mykje bilder frå det flotte arrangementet på kaia.

M/S Stangfjord kjem heim!

M/S STANGFJORD KJEM HEIMATT til Stongfjorden tysdag 14.juni (om værgudane vil). Kom og ver med på velkomsthøgtid på kommunekaia klokka 1800!

Følgjekonvoi inn fjorden frå Follevågneset kl 1700. Vi oppmodar flest mogeleg til å stille med både gamle og nye båtar – og gjerne pynta i festskrud.

Snodig veg

No om dagen er Stongsvatnet særs nedtappa. Og etter at eg kom springande ned igjen frå Osland i går, la eg merke til eit byggverk eg ikkje har sett før. Er denne vegen/byggverket før kraftutbygginga? Eller i høve kraftutbygginga? Nokon som sit på info her? Kunne vore interessant å vite….

Filmklubb

Hei, jeg starter en filmklubb for voksne, og en for barn/unge nå. Filmklubben vil vise filmer i losjehuset 1 gang i mnd fra 2017. Jan-April, og September-Desember. Program kommer i høst, men hvis du ønsker være medlem kan du allerede nå ta kontakt, johan.moen@gmail.com Snakkes etterhvert :-)

Dei gamle i Myrane

På vedlagde link til bloggen min er det eit lite samandrag av innslaget på 17.mai om dei gamle i Myrane. Det ligg òg gamle og nye bilder, og link til eit par dikt på LysandeStemningar.

Ei sterk historie

Eg kom over denne sterke historia frå Smelvær rett før krigen. Ei historie som er vèl verdt å lese…

Nokre 17.mai løp

Som eit apropos til springe-bildet med dikt – her er nokre frå tidlegare år…

Les meir…

Dagens foto

Dagens foto frå 17.mai fortente nokre ord på LysandeStemningar:

Glade dagar

Dagen heidrar mang ein bror
jenter fostrar livet
Stunda helser gleder stor
barnemot i drivet

Nakne føter kattedyr
lyse dagar hentar
Sola sender eventyr
kjærleik stille ventar

Tekst og foto
G.Skaar

17. mai

Nokre bilder frå ei vellukka feiring og mykje folk samla 17. mai kan de sjå på bloggen min.

Her er bildefil frå tidlegare 17. mai feiringar som vart vist som filmframsyning

16. og 17.mai i Stongfjorden

Velkommen til 16. og 17. mai feiring i Stongfjorden !

Programmet for 17.mai ser de vedlagt her !

Stongfjorden

Følgt av 361 medlemmar.

Dette er ei sone for og om den vesle bygda Stongfjorden i Askvoll kommune i Sunnfjord – 40 minuttar med bil rett vest frå Førde. Dette er sona for den gamle industribygda som i 1908 utgjorde starten på nordisk aluminiumsproduksjon, men der næringsdrifta i dag er basert på mindre industri og landbruk. Fleire av dei som bur i Stongfjorden har dessutan jobb i Førde eller Askvoll, eller i Nordsjøen. Bygda er altså godt eigna for dei som vil bu ved ein svært vakker fjord, oppleve rekreasjon og velvære kvar dag, men samstundes anten pendle nokre kilometer til jobb eller starte si eiga verksemd i bygda. I Stongfjorden får du, butikk, skule, barnehage og kjekke folk. Det historiske Staveneset ligg berre 10 km lenger vest på nordsida av fjorden. Køyrer du mot Staveneset, men tek av mot nord etter ca fem km, kjem du etter nokre minuttar til den gamle kopargruvestaden Grimelia. Både i Grimelia og i Staveneset har du storhavet og Stavfjorden rett framfor deg, og Florø og Svanøy rett nord for deg. Ei fantastisk utsikt og oppleving i godvêr som i storm! Meir om sona

Origo Stongfjorden er ei sone på Origo. Les meir



HEIMESIDA TIL STONGFJORDEN FINN DÅKE VED Å KLIKKE HER
Heimesida vil fortelje om alle dei kvalitetane som eksisterer i og omkring bygda Stongfjorden.
Her kan du fylgje med på kva som skjer i lokalsamfunnet, sjå på bilder av bygda og områda omkring.
Stongfjorden har eit rikt organisasjonsliv og eit godt utbygt tilbod til dei fastbuande og tilreisande.
Skriv gjerne ei helsing til oss i gjesteboka!

Annonse